Dei som riv ned

Fri og Pride står for mykje som vi bør vere kritiske til.

OMSTRIDDE VERDIAR: Pride står ikkje berre for kjærleik og fridom , men òg for nedbryting av viktige verdiar i samfunnet, meiner redaktøren for Sambåndet, bladet til Indremisjonsforbundet. Han peikar på ei undersøking av Stockholm Pride, der dette biletet er henta frå. Scanpix Sweden (arkiv)

Debattinnlegg

Petter Olsen
Ansvarleg redaktør for Sambåndet

Om Jens Kihl har behov for å distansera seg frå det Pride-rørsla står for, har eg stor forståing for det. Men det gjer meg ikkje mindre uroleg.

«Eg har ikkje tenkt til å rive ned samfunnet sjølv om eg er homo», forsikrar kommentator i Bergens Tidende, Jens Kihl. I eiga avis 18. juni går han i rette med avisa Dagen, som på leiarplass har peikt på at det er vanskeleg å skilja mellom Pride som arrangement og arrangøren.

I Noreg er den internasjonale Pride-rørsla representert ved «Fri – foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold», og det er Fri som er arrangør av paraden. Kihl meiner han går av eigne grunnar.

Les også

Les Jens Kihls kommentar: «Lær deg homsesex, Vebjørn Selbekk»

Det er ikkje godt å seia kva Kihl meiner med at han ikkje vil «rive ned samfunnet». Ein annan stad i kommentaren skriv han at «mange av dei strukturane som har vore der sidan gamaltestamentleg tid, må bli endra på.»

Han synest i alle fall å tenkja på familien. Fleire enn eg vil meina at det er den viktigaste byggeklossen i samfunnet.

Sosiologen Magnus Wennerhag omtaler Pride på nivå med andre sosiale protestrørsler – ei rørsle som arbeider for samfunnsendring. Dette er eit arbeid som tar lang tid og er prega av at aktivistar freistar å vinna allierte.

I fjor vår kom den kristne tenkjetanken Claphaminstituttet i Sverige med ein analyse av innhaldet i programmet for Stockholm Pride 2017.

INNSENDAREN: Petter Olsen er redaktør i bladet Sambåndet, som Indremisjonsforbundet gjev ut.

Resultata bør overraska og utfordra. Det blir ofte sagt at Pride handlar om at alle menneske har same verdi. Men søket på ordet «menneskeverd» (på svensk, sjølvsagt) gav null treff. «Menneskerettar» gav berre fire treff, og den relevante programposten var oppteken av å framstilla prostitusjon i eit positivt lys.

Ordet «norm» fekk 38 treff. Samanhengen gjorde det klart at normer er noko som tilhøyrer fortida, eller som det er trong for å bryta ned, særleg om normene var tradisjonelle. Søk på «relasjon» viste at fleire programpostar handla om relasjonsanarki – viljen til å leva frikopla frå faste relasjonar, og der romantiske relasjonar vart trekte i tvil.

Les også

Vebjørn Selbekk svarer Jens Kihl: «Lære meg homsesex? Nei takk.»

Ordet «sex» resulterte i heile 64 treff, 42 av dei omtalt i positive vendingar. I denne kategorien kom døme som «å knulla for verdsfreden» og «korleis knulla heitt, vilt og intensivt med kven eg vil og når eg vil utan å vera uroleg for kjønnssjukdomar».

– Koplingar til djupare former av menneskeleg fellesskap er sakna heilt, peikar Claphaminstituttet på.

Ifølgje analysen var det òg arrangement under Stockholm Pride 2017 som framstilte vald, smerte og rus i eit positivt lys.

Om Jens Kihl no har behov for å distansera seg frå dette ved å distansera seg frå Pride-arrangøren, har eg stor forståing for det. Men det endrar ikkje på det Fri står for – og den ukritiske oppslutnaden den internasjonale Pride-rørsla har fått.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg