Dette er eit stort pedagogisk eksperiment

Det er ikkje læringstrykket som må vere i søkelyset no, men kreative oppgåver formidla over nett.

Publisert Publisert

Frå ei bratt læringskurve kjem kunnskap om korleis ein kan drive undervisning på nye måtar, skriv innsendarane. Foto: Alena Yudina / Shutterstock / NTB scanpix

Debattinnlegg

  • Linda Moen Rebni, høgskulelektor i pedagogikk ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal, underviser på lærarutdanninga og Ole Einar Rebni, adjunkt med opprykk, jobbar på Kaupanger skule, har vidareutdanning i programmering.
iconDenne artikkelen er åtte dager gammel

Informasjonen i artikkelen kan være utdatert. Gå til vårt livesenter for siste nytt om korona-utbruddet.

-> Gå til livesenteret

Alle lærarar i heile landet har i løpet av nokre få dagar ufrivillig kasta seg rundt for å rigge digitale klasserom. Hundretusenvis av elevar sit no i sine heimar og får undervisning og oppgåver via nett.

Dette er brutalt og surrealistisk. Men kan det vere at koronakontor skapar framtidas digitale skule? Oppi alt dette brutale og surrealistiske, kan ein faktisk auge potensielle mogelegheiter.

Ole Einar Rebni og Linda Moen Rebni Foto: Privat

Koronakontor for lærarar og elevar skyt fart på den digitale kompetansen blant norske lærarar og elevar. Elevar og lærarar må ufrivillig, og under tidspress, prøve og feile.

Dette fører til ei bratt læringskurve for alle. Ut av dette kjem ny kunnskap om korleis ein kan drive undervisning på andre måtar enn i eit klasserom, og korleis ein kan bruke andre pedagogiske verktøy.

Spørsmåla me kan stille oss når denne unntakstilstanden er over, er korleis skulane grip fatt i desse nye erfaringane og korleis dei vert utvikla til ny praksis i framtida.

Les også

Her ønsker rektor elevene velkommen på skolen

Sidan situasjonen no for alle er ufrivillig, ny og annleis, og elevane framleis har rett på undervisning, må ein likevel passe på at det ikkje tar av.

I den nye kvardagen bør det ikkje vere fokus på talet på undervisningstimar eller kor mange oppgåver elevane fullfører, i alle fall ikkje for dei minste elevane. No er det andre verdiar som må råde og omsyn må takast. Elevane er heime for ein viktig grunn, og dei bidrar til solidariteten og den nasjonale dugnaden.

I mange heimar må foreldre, elevar og barnehagebarn dele på tida. Foreldre skal jobbe, elevar skal lære og born skal leike. Det heile handlar om kompromiss for kven som gjer kva og kven som hjelper kven heime.

Dette må lærarar og skular ta omsyn til, og derfor er det kanskje ikkje læringstrykket som må vere i søkelyset. Det kan vere kreative oppgåver formidla over nett.

Det kan vere korleis ein når elevane, og korleis motivere dei gjennom digitale verktøy og plattformer. Det bør derfor vere akseptabelt i befolkninga, blant skular og lærarar, at denne perioden er prega av eit pedagogisk eksperiment.

Les også

Er du nervøs for å bli smitta når du går tur eller joggar? Her er forholdsreglane du må ta.

Digitale verktøy og digital undervisning har hatt sin plass i skulen over fleire år. Likevel er det stor forskjell frå skule til skule, og frå lærar til lærar korleis dette blir praktisert. Det er stor forskjell både på kompetanse og på tilgang til utstyr.

Nokon skular og lærarar er godt rigga til å kunne gjennomføre digital undervisning medan skulane er stengde, andre ikkje.

Det er ikkje eit krav at skular skal vere rigga til å kunne handtere ein så massiv inngriping som stengd skule. Men situasjonen vi no opplever kan bli starten på ein ny digital kvardag i norsk skule.

Før eller seinare kjem vanlege kvardagar tilbake til oss igjen. Då er det viktig at ein ser tilbake og tar med seg den nye digitale kunnskapen og erfaringane inn i den vanlege kvardagen.

Les også

I familien Sylte Torgersen har de laget egen timeplan sammen med barna

Det er mogeleg å lære av denne perioden og unngå å legge dei digitale erfaringane døde, straks skulane opnar igjen.

Me meiner ikkje at ein no skal skape ein skule der elevane vert distanserte frå kvarandre ved å sitje framfor kvar sin skjerm. Heller ikkje at framtidas digitale skule skal vere gjennom fjernundervisning.

Den reelle dimensjonen ved å vere fysisk til stades er ein dimensjon som er viktig for menneske. Så framtidas skule treng ikkje å bli virtuell, men den bør vere reell og spegle samfunn og yrkesliv.

Og mange vil erfare akkurat dette gjennom det nasjonale pedagogisk-digitale eksperimentet, eller kall det gjerne dugnad, dei neste vekene.

Har du erfaringer med hjemmeskole? Del din opplevelse eller mening i kommentarfeltet!

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg