Når pris er viktigare enn togbrukarane

DEBATT: Regjeringa si oppsplitting av jernbanen vil føre til færre investeringar i togmateriell.

TI ÅR: Så lenge tidshorisonten til anbodsvinnarane er maksimalt ti år, vil dei ikkje legge pengar på bordet til noko togmateriell ut over det som følgjer med anbodet, meiner stortingsrepresentant for Senterpartiet Hordaland, Nils T. Bjørke. EIRIK BREKKE

  • Nils T. Bjørke
    Medlem av Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité og stortingsrepresentant, Senterpartiet

I spørjetimen onsdag 8. mai gav statsminister Erna Solberg uttrykk for at det var opp til det einskilde jernbaneselskapet om kva slags togmateriell, altså togvogner, sovevogner og vanlege vogner med sitjeplassar, dei ville tilby kundane sine. Solberg sa at et selskap som Vy, viss dei har ansvar for ein jernbanestrekning, vil måtte levere eit basistilbod som dei då altså har fått på anbod.

«I tillegg vil de kunne legge inn ekstratilbud viss de finner det økonomisk lønnsomt. Da er materiellet de leverer i forbindelse med det, eventuelt noe de selv kan kjøpe inn», sa ho i spørjetimen.

Nils T. Bjørke, Stortingsrepresentant for Senterpartiet Hordaland. PETER MYDSKE

Solberg meiner altså, tilsynelatande, at viss eit selskap ser seg tent med å kjøpe inn meir materiell, vil dei gjere det. Men regjeringa si oppsplitting av jernbanen vil føre til færre, ikkje fleire, investeringar i togmateriell. Slik må det bli så lenge anbodssystemet er utforma på det viset det er.

Go-Ahead, som skal operere på Sørlandsbanen, Jærbanen og Arendalsbanen framover, vann anbodet om desse strekningane. Ikkje på grunn av kvalitet, men på grunn av prisen. Lengda på drift- og vedlikehaldskontraktane er fem år med opsjon på ytterlegare fem år.

Med bakgrunn i at dei ulike tilbydarane har ein horisont på ti års drift, er det utelukka at desse selskapa vil kjøpe inn mange togsett sjølve. Årsaka til det er at det kostar mykje pengar, og at avskrivingstida på slike investeringar er på mellom 20 og 30 år. Så lenge tidshorisonten til anbodsvinnarane er maksimalt ti år, vil dei, etter mitt syn, ikkje legge pengar på bordet til noko materiell ut over det som følgjer med anbodet. Å framstille det på ein anna måte, er å kaste blår i auga på folk.

Les også

Nå er det på tide å satse på lyntog

Sjeldan har me sett ein så stor iver frå regjeringa med å bøye seg for EUs forordningar som nå skjer innan jernbanesektoren, og det allereie før EUs fjerde jernbanepakke i det heile er vedteke. EUs reglar inneber at medlemslanda ikkje lenger kan ha jernbanedrift utan at det har vore på anbod.

Frå og med desember 2019 må nye avtaler vera på anbod, og frå 2023 gjeld det og for kontraktar som i dag er gjeldande. Då må det altså vera anbod på all togtrafikk. Slik vert det dessverre når målet om konkurranse og anbod er viktigare enn tilbodet og dei som skal bruka toga.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg