Klart dei skal ha fråvær!

MASSEPROTEST: Tusenvis av skuleelevar har streika for klimaet dei siste vekene. Viss dei meiner alvor, må dei vere villige til å betale prisen, meiner innsendaren. Rune Sævig (arkiv)

Bjørn Angell-Jacobsen
Pensjonert lektor

Ungdommar både frå ungdomstrinnet og frå vidaregåande demonstrerer for miljøet. Og det er flott!

Det har ikkje vore for mykje engasjement frå den kanten i løpet av min 38-årige lektorgjerning på vidaregåande skule. Så går diskusjonen om fråværet frå undervisninga skal godkjennast eller reknast som skulk.

I arbeidslivet er det slik at streikar du, blir du trekt i lønn. Rett nok kan du få betalt frå ei streikekasse, men det er pengar du sjølv har betalt inn gjennom fagforeininga. Det kostar å streike. Dette må også elevane lære. Derfor skal sjølvsagt fråværet førast som skulk.

Men nokre skuleleiarar på ungdomstrinnet vil unnlate å føre fråværet, blenda av snillisme og eigen sympati for aksjonen. Dette vil elevane oppfatte som at «vi fekk fri for å streike».

Les også

Klimastreiker (12): – Ikke la dere skremme av en generasjon som ikke vet bedre!

Å få fri frå undervisninga, blir oppfatta som eit gode. Slik har det alltid vore. Eg kan godt hugse tilbake til mi eiga skuletid som 14-15-åring. Fekk vi fri ein time med tysk eller norsk grammatikk, var det jubel i klassen.

Får elevane fri for å streike, fell botnen ut av heile aksjonen. Dersom eg ser ungdommane i tog med plakatar, vil eg tenkje: «Ja ja, dei har jo fått fri til det, alternativet var kjedelege skuletimar». Om dei derimot blir straffa med fråvær for desse timane, har dei min respekt.

Då meiner dei alvor.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg