Barndom til sals for tusen tomlar opp

«O-M-G, såg du bildet av Isabella på bloggen til mora? Ho såg jo heilt patetisk ut, skjer med den outfiten då?»

BLOGGERBARN: Eg er jaggu glad for at mora mi lot meg ha privatlivet mitt i fred, og ikkje gulpa det ut på nett på jakt etter klikk, skriv Marion Solheim. FOTO: Anne Sidsel Herdlevær

Debattinnlegg

Marion Solheim
Laksevåg

«Nei, men eg las på bloggen at dei hadde snakka om dating i heimen. Kleint. Eg screenshotta og snappa til alle på vennelista. Er det mulig, liksom! Hahaha!»

Tenk tilbake til den gong då. Då du var ein liten, keitete sak. Vi har alle vore der, eller nesten alle. Det er ein grunn til at få har bilder av oss sjølve rundt konfirmasjonsalderen hengande framme, for å seie det sånn.

Kan du tenke deg noko verre enn å vekse opp med at bilder og sitat av deg sjølv, i den eine klønete alderen etter den andre, blir smurt utover nettet? Tannregulering, rosa hårband på skalla babyhovud, stive smil, alt for mamma.

Det er flott at styresmakter og andre har sett fokus på bloggarane, eller influencarane som dei no blir kalla. Fokuset har gått på kroppspress, restylane og operasjonar. Knallbra, det. Men det er på høg tid å sette fokus på eksponering av ungar. Det enkelte mammabloggarar driv med, er til å bli dårleg av. Trass glossy kaninøyrefilter og uhemma sjølvskryt av evna til å få fantastisk avkom.

Livet som bloggerbarn startar gjerne før du er født, der ultralydbildet av deg delast til tusenvis av lesarar. Etterkvart blir du født, og her har mor mykje sponsepengar å hente. Som bloggarunge kan du forvente å få personligheten din beskrive (på godt og vondt), kor flink du er som har slutta med bleie sååå tidleg – med påfølgande bilde av eit stort og stolt barneglis – og kor ufatteleg smart du er. Heilt vilt genial, faktisk.

Les også

Forby reklame for kosmetisk kirurgi!

Personleg hadde eg kjent på eit litt usunt forventningspress som skulebarn dersom mora mi hadde proklamert for verda at eg las Ibsen som treåring og komponerte symfoniar i ein alder av fem. Eller at eg slutta med bleier då og då. Og dette visste alle i lokalmiljøet, grøss. For å sette det litt på spissen.

Argumentet til bloggarmødrene som driv med denne uhemma eksponeringa av ungane sine, er gjerne at dei er så ufatteleg stolte. Skal ikkje det vere lov i 2018, kva for jantelovsdrit er det folk som er negative driv med? Dessutan, dei som kritiserer er berre sjalu, misunnelege, gjerne bitre og sjuskete også. Haters, rett og slett. Dessutan har folk ingen ting dei skulle sagt, alle legg jo ut julebilder av ungane sine på Face, halloooo …

Det er her evna til å skille mellom skitt og kanel kjem inn.

For å pøse ut – til tusenvis av lesarar – sitat frå private samtaler med barnet ditt, legge ut bilder av ungen i alle slags situasjonar, få ungen til å smile inn i kamera med sponsa vintersko, det er nok ikkje det samme som å dele eit julebilde på din private Facebook-konto. (Det er for så vidt ein eigen debatt, som eg ikkje tek for meg her.)

Dei store mammabloggarane driv business og aksjeselskap, uansett kor venninneaktig og koseleg innpakninga ser ut. Dette handlar om mykje meir enn stolte mødrer som har dårleg vurderingsevne og gjekk glipp av nettvett-kurset.

Les også

Jordmødre til nybakte foreldre: – Ikke la mobilen komme mellom dere og babyen

Det handlar om pengar, og ungar som blir brukte som levande reklameplakatar for alt muleg ræl. Vortekrem og ullklede. Nye app’ar og artige leikar. Krydra med «Nå har Jensemann og jeg snakket om blomsten og bien. Han er 12 nå, og det gikk helt fint. Jeg viste han nemlig denne nye appen som du kan laste ned HER, der blir saker og ting forklart på en fin måte. Jensemann var helt imponert, og ifølge ham så kan vi godt ha månedlige samtaler om disse tingene, så bra er den appen. Ikke kleint, vi var til og med innom tampongbruk. Koster bare 29,- og hvis du legger inn koden BLOGGERMAMMA så får du den til 20,-».

Altså – business og pengar. Dei som driftar desse selskapa, bør tole kritikk på lik linje med andre bedrifter. Eg tenker at denne formen for barnearbeid er rimeleg upassande. Men den fører til gode pengar for bloggarmammaen, ingen tvil.

So what, seier du kanskje. Det er ikkje dine ungar. Stemmer. Men eg syns faktisk inderlig synd på Jensemann og Isabella som får privatliva sine bretta ut på nett. Og på nett blir det.

I dag kan det vere ganske tøft å gå frå barn til vaksen, mobbing på sosiale media er eit kjempeproblem. Og sorry – ungar kan vere rimeleg ondskapsfulle mot kvarandre. Eller kanskje berre tankelause. Resultatet kan i alle fall vere at ungar og ungdommar i ein sårbar alder kan få mykje rart slengt etter seg i friminuttet.

Det hjelp nok ikkje at bloggarmødrer har ein lei tendens til å kle av seg (fleire lesarar, meir pengar), ha drøye overskrifter som «JEG ORKER IKKE MER!» (endå fleire lesarar, ka-ching) og den slags. Kok dette saman med bilder og sitat av Isabella og Jensemann, så har du ei merkeleg suppe.

Det er eit fritt land, men eg er jaggu glad for at mora mi lot meg ha privatlivet mitt i fred, og ikkje gulpa det ut på nett på jakt etter klikk. Kor kjekt er det eigentleg å få vite at dei fine kakene til femårsdagen var spons, at den dyre jakka du fekk til jul var spons, og at «alle» også veit det? Ungar er dei mest lojale, fine, små vesen som finst. Men eg lurer på kva dei vil tenke om dette når dei blir vaksne.

Les også

Professor: Man blir ikke syk av å lese en blogg

Bloggarmødrer har ein eineståande evne til å omskrive kritikk av eksponering av ungane. Dei får det til å bli kritikk av sjølve ungane, underleg nok: «Nå er det nok, sitter det så onde folk bak tastaturet og slenger dritt om Isabelle og Jensemann, hva feiler det folk?».

Martyrkappa blir svøpt rundt mammakroppen, det er så synd, så synd i dei. Haters, kvifor så mange haters? (Ikkje for det, hets og trugsmål finst det plenty av på nett, og det er forferdeleg – misforstå meg rett).

Jepp, slik argumenterer dei – heilt på ekte. Fascinerande logikk i Blogglandia. Konstruktiv kritikk og undrande spørsmål blir sletta i samme fart som i enkelte diktatur. Nei, å stille spørsmål ved eksponering av barn er ikkje hets og hat. Det er legitime spørsmål til ei bedrift som tener gode pengar ved hjelp av desse ungane.

Skitt og kanel.

For ikkje å snakke om Dark Room, barnemisbruk og pedofile. Eg skal ikkje eingong begynne å legge ut om kor lett det er å laste ned det bildet av tre år gamle Isabella på stranda og manipulere det. Berre tanken er kvalmande, og dette bør dei fleste ha fått med seg i dag.

For å komme til poenget: Eg håpar eksponering av born på nett får eit like stort fokus som kroppspress og reklamering for silikon her og der – av politikarar, journalistar og blogglesarar. Eg håpar annonsørane tenker seg om før dei kastar pengar etter mammaen til Jensemann. Og eg håpar at ungar overalt får vere akkurat like rare og klønete som eg fekk lov til, utan at heile verda får kikke inn i barndommen.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg