Eg set mi lit til Hareide

Nettopp med sitt kristne livssyn må vel Knut Arild Hareide vera ein mann å stola på?

Publisert Publisert

STÅ IMOT: Eg trur at han står imot og ikkje let seg lokke av tilboda frå Erna, men held fast ved lovnaden sin, skriv innsendar. Foto: Tor Høvik

Debattinnlegg

  • Signe Olaug Pedersen
    Lærar, Aurland
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Eg har aldri stemt KrF, men er ein veljar på venstresida i politikken. No etter valet set eg mi lit til Hareide, at han held det han lova veljarane sine og let vera å gå i regjering med Frp.

Like etter at valresultatet var klart, sa Hareide at denne valkampen hadde hatt «feil fokus». Det var for mykje Erna og Jonas og for lite politikk. Eg er samd med han i det. Me er dessverre vorte «oss sjølv nok» - mellom anna lèt me att auga for flyktningkrisa i frykt for å mista noko av velstanden vår.

Så lenge Sylvi Listhaug og Frp får halda fram med å styra innvandringspolitikken, vil det snart vera like pinleg å seia «Eg er norsk» som mange amerikanarar kjenner på i høve Trump.

Men nettopp Hareide med sitt kristne livssyn må vel vera ein mann å stola på? Eg trur det, at han står imot og ikkje let seg lokke av tilboda frå Erna, men held fast ved lovnaden sin.

Og om fire år håpar eg at småpartia på venstresida har klart å samla seg til eitt parti – eit parti som kjem godt over sperregrensa og kan vera med å gjera «ein forskjell». Men inntil dess set eg mi lit til Hareide.

  • Har du meninger? Send innlegg til debatt@bt.no og følg oss på Facebook!
Publisert

Les mer om dette temaet

  1. Kvifor stemmer så mange på Høyre og Frp?

  2. «Mens KrF-velgerne flyktet til de borgerlige, klamrer partiledelsen seg til Ap-samarbeid»

  3. KrF gir tvangskommunene håp

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg
  1. Regjeringen
  2. Politikk
  3. Knut Arild Hareide
  4. Erna Solberg
  5. Stortingsvalg 2017