Me droppar nynorsk for å redda bedrifta

Kledd opp med nynorsk identitet når me ikkje fram til folk på nettet.

Å selja arbeidskle til kvinner går ikkje på nynorsk, har Kristin Lemme oppdaga. «Tenk over kva du skriv i ditt eige søkjefelt», rår ho. Foto: Rune Sævig (arkiv)

  • Kristin Lemme
    Gründer, Voss
Publisert Publisert
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Du kan fint leva med nynorsk, men ikkje av det. Ikkje om du skal driva nettbutikk. Då har du truleg alt tapt lenge før kunden din har byrja googla. Difor er den triste dagen komen til Flor. Til no har me selt arbeidskle, men no lyt me skifta språkdrakt til bokmål – og selja arbeidsklær.

For i valet mellom å skriva bokmål eller å gå konkurs, har eg lenge vore usikker på kva eg skal velja. No er det ikkje konkurs me står framfor, men Flor må høgare opp på søkeordsoptimaliseringa til Google for å få auka sal. Og då funkar faktisk ikkje nynorsk.

Å starta ei verksemd som Flor handlar om å realisera idéar. Hadde ikkje verda vore litt betre om vår idé kom ut i livet? Gode arbeidskle til kvinner, er ikkje det ein god idé?

Å vera klare på kvifor me driv Flor er viktig for oss. Me kjem frå Voss, me har verdiar som rommar likestilling, arbeidslyst og det å gjera kvardagen enklare. Me kjem frå bygda, skriv nynorsk og er stolte av identiteten vår. Det var denne blandinga av såkalla USP-ar me gjekk til marknaden med. (USP står ikkje for Usedvanleg Smart Påkome, men det er heller ei importert forkorting for kva unike salsfordelar du har).

Innovasjon Norge, næringshagar og kommunale næringslivsfond ber alle om å leite etter kva som er unikt, om du kan stikke deg ut på noko slags vis. For det handlar om å bli lagt merke til. Men akkurat no kjenner eg meir på avmakt. For kledd opp med nynorsk identitet, så når ikkje me fram til folk.

Å driva innan klesbransjen med ein gardsutsalsstrategi der du sel litt til dei som tilfeldigvis kjem innom, funkar ikkje. Me må ut av tunet og inn på nettet.

Flor lagar arbeidskle for kvinner. Biletet med Ingrid Brandseth, Patrik Søreide og Kristin Lemme (til h.) er frå ein reportasje i 2018. Foto: Rune Sævig (arkiv)

Jauda, me har jo blitt åtvara, men dei fleste gründarar blir jo gründarar nettopp fordi dei ikkje lyttar på alle åtvaringar. Eg kan vagt hugsa ein ven frå det store Austlandet som ymta frampå om at det er mange fordeler med å skriva bokmål for å selja på nett. Eg fnaus av han då, «typisk austlending», tenkte eg.

Å starta ei verksemd handlar om meir enn å realisere ein idé. For ideen er ikkje god nok før han fører til omsetjing og sal. Først då viser det seg om ideen er berekraftig. Korleis skal ein vinna fram i mylderet av tilbod ein treff på nettet i dag?

Openbert ikkje ved å skriva nynorsk, seier dei lærde. Då må du skriva bokmål.

Det var då som pokker! Dette har gjort meg trist, men også nyfiken. Og sjølv om eg her skriv med litt høge og harde tasteslag ut rein frustrasjon, så er eg faktisk sjølv med på å skapa mitt eige problem. Av dei kring 600.000 som har nynorsk som hovudmål, så er det berre 500 av oss som googlar på nynorsk. Eg må berre reisa handa og seie at eg er ikkje ein av dei 500, eg heller.

Me vart nyfikne, og den seinare tida har me prøvd å googla oss fram til bedrifter som brukar nynorsk i all kommunikasjon. Som oftast har dei store to nettsider – ei på nynorsk og ei på bokmål. Dei mindre verksemdene har gjerne berre ei side på nynorsk. Men då med dei viktige søkjeorda på bokmål.

Ei salig blanding. Er det løysinga?

Les også

Maria Nerhus: «Derfor vekker nynorsk så sterke kjensler»

I valet mellom å skriva bokmål eller å gå konkurs var eg lenge usikker. Men no har eg tvilt meg fram til å bytta mål. Det som var arbeidsklede, heiter snart arbeidsklær på nettsida vår.

For me har bestemt oss for å byggja ei berekraftig bedrift som skal leva lenge. Me skal klara oss, bli større, og kanskje då gå attende til nynorsk?

I mellomtida går nettbutikken, bloggen, annonsane og nyheitsbreva våre over til bokmål. Eg trudde det aldri skulle skje, men slik er det. Det er fleire i verda som googlar arbeidsklær enn arbeidskle.

Så det er der me alle kan byrja – tenk over kva du skriv i ditt eige søkjefelt neste gong ...

Publisert
  1. Nynorsk
  2. Bokmål
  3. Bedrift
  4. Nettbutikk
  5. Klær

Les mer om dette temaet

  1. Kristin vil gjøre fjøset mer attraktivt for kvinner

  2. Slik var det å starte opp midt i pandemien

  3. BT-leiar: Ein betre språkpolitikk

  4. – Nynorsk ble ikke det Ivar Aasen tenkte. Hvor lenge skal vi holde på med dette?

BT anbefaler

Har du denne typen ytterpanel på huset ditt, har advokaten et godt råd.

Advokat ber alle boligeiere sende reklamasjonskrav allerede nå.

LES SAKEN