Eg vil tilbake til den sommaren

Sjøen var aldri meir lunken enn denne sommaren. Venene aldri fleire.

Malene Vilnes lengtar tilbake til sommaren då ein var liten nok til å drøyme stort, men ikkje større enn at ein gleda seg over lite.
  • Malene Vilnes
    Redaktør, Frisk forlag
Publisert: Publisert:
icon
Denne artikkelen er over to år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Eg vil tilbake til den sommaren med skyfri himmel og sol heile dagen. Eller var det regn og kuling. Det kan vere det same. Den sommaren var gyllen, uansett ver.

Eg snakkar om den sommaren der du sprang berrbeint i vått gras mot fjæra for å bade, medan tordenskrallet ljoma mellom fjella. Under mørkegrå skyer i opprør, kasta du deg ut i den friske fjorden.

Havet var utan ende, det same var framtida.

Malene Vilnes

Den sommaren var det som om du visste at det å fylle 13, 14 eller 15 år, eller kva du no enn fylte denne sommaren, var som å opne ei dør inn til noko nytt. Noko stort og spanande som romma alt du drøymde om.

Det var ingen grenser. Horisonten var vid.

Sjøen omfamna deg med sin mjuke famn, og du kjende det var sant at regnet gjorde han varmare. Under tordenhimmelen, i det leikne havet som klukka mot deg, var det som om du kjente på ein innvendig virvelvind av fryd.

Du var klar for å spreie vingane og la sønnavinden ta deg dit du ville.

Etterpå varma du deg rundt eit bål med våte vener, og medan håret tørka til krøller med saltvannsfloker nedover solbrune skuldrer, var det som om du visste at denne sommaren var sommaren som skulle vare evig.

Det var den sommaren som lukta høy og våte markblomar og hegg. Som smakte jordbær på strå med fløyte og sukker. Kræsjpink, med gul tyggis under blått og klissete papir som mista smaken etter ti tygg.

Det var myggstikk du klødde på til du blødde, gnagsår i nye tøysko, softis på nasetippen og kald sand under tærne.

Det var makrellsommar med napp på kvart kast, og over deg sveva makrellskyer med bod om fleire solskinsdagar, minnast Malene Vilnes.

Det var ei rosa bademadrass med hol i, som blei fiksa med ein svart lapp og lim frå besta sitt sykkelskrin. På sykkelturane til nærbutikken låg hjelmen på bagasjebrettet. I den siste bakken klarte du å sleppe begge hendene frå styret.

På heimvegen blei sykkelen forlaten inntil eit tre, fordi naboguten kom forbi på moped. Det var pepitakjeks og Donaldblad frå 1980-talet, der nokon for lengst hadde fylt ut kryssordsidene med kulepenn.

Vriåttar og Amerikanar hos ei bestevenninne med rom på loftet, slik at de kunne stikke hovuda ut av vindauget i skråtaket og lengte etter å bli gamle nok til å bli med i båtane som dura forbi, på veg mot ein fest på ei anna øy.

Det var kassettspelar med ihelspelte kassettar med teip på toppen. Kvar gang kassetten skifta innhald, streka du over tittelen med kvit blankolakk og skreiv nye titlar på. Bon Jovi, Guns ’n Roses og Jahn Teigen blei spolt tilbake og høyrt om igjen. Og igjen.

Til du blei lei, og erstatta «Always» med den nye singelen på Ti i skuddet ein søndag ettermiddag.

Det var makrellsommar med napp på kvart kast, og over deg sveva makrellskyer med bod om fleire solskinsdagar. Du kunne lene hovudet tilbake i ein båt med 9,9 hestekrefter i påhengsmotoren og nyte solnedgangen i vest, som farga verda rosa.

Les også

Skal du på fjelltur med barn i sommer? – Ikke mål suksess i antall kilometer.

Marka var fylt av myrull, holmane med blåbær, joggeskorne med sand. Fotballen fekk påfyll av luft før neste kamp på eit nyslått jorde.

Kyrne rauta fornøgde på beitet sitt, og i det fjerne høyrde du bjøllene frå sauene på sommarfjellet.

Sjøen var aldri meir lunken enn denne sommaren. Venene aldri fleire. Forelskinga aldri sterkare, sjølv om den ikkje var øyremerkt berre ein. Den intense hjarteverken etter den kjekkaste guten i klassen, var den same som den etter Keanu Reeves på veggen på jenterommet.

Keanu fekk brev, guten fekk klønete kyss. Begge delar sende av garde med uskuldig ærlegdom.

Les også

Hjemmesommer gir salgsboom: – Alle skal ha basseng

Du var liten nok til å drøyme stort, men ikkje større enn at du gleda deg over lite. Du var som nyperosene i soloppgang. Klar til å blomstre. Nysgjerrig på livet. I ferd med å opne deg og springe ut. Og medan sommarnatta aldri blei mørkare enn lysegrå, hang ei lilla badedrakt til tørk på snora.

Lukta av nyslått plen fann vegen inn gjennom eit ope vindauge. Svarttrosten song på refrenget sitt. Og der, bak alt for tynne gardiner, i ei varm og stille julinatt, festa dagen seg i minnet ditt, slik den sommaren festa seg i kroppen, slik at smaken av tørr kræsjpinktyggis og Bon Jovi alltid vil bringe sommaren tilbake til deg.

Slik at du, 20 år seinare, kan velje å kaste deg ut i frisk fjord under tordenskrall, og la solgangsbrisen tørke saltvatnet i håret ditt, medan du legg deg på eit glatt svaberg, lukkar augo og let lukta av doggfrisk syrin i juni fylle kroppen med minner om sommaren som var evig.

Publisert: