Kampen mot sorteringssamfunnet skjer ikkje i livmora

Eg vel tidleg fosterdiagnostikk for å ha mest mogeleg kunnskap om barnet i magen.

Lina Kristine Tennefoss Vatshelle og mannen hennar, Olav, mista sonen Oskar undervegs i svangerskapet.
  • Lina Kristine Tennefoss Vatshelle
    Styremedlem i Bjørnafjorden SV
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over ett år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

26. mai skal Stortinget handsame eit lovforslag som gjev ei etterlengta oppmyking av bioteknologilova, som inkluderar mellom anna at gravide kvinner får lettare tilgang til NIPT og tidleg fosterdiagnostikk.

13. mai kunne ein i BT lese historia til mora til eit born med Downs syndrom som av legane vart oppfordra til å ta abort.

Eg veit sjølv korleis det er å ligge på ultralydbenken og få beskjeden som brått snur livet på hovudet. Når Stortinget handsamar lovforslaget som gir kvinner rett til tidleg fosterdiagnostikk, er det 14 månadar sidan eg sjølv låg på benken og fekk diagnosen og beskjeden om at barnet i magen var alvorleg sjukt.

Lina Kristine Tennefoss Vatshelle var synleg gravid då ho valde å avbryte svangerskapet. Barnet hennar var ikkje levedyktig.

Barnet hadde store misdanningar, og prognosane var usikre. Då vi etter å ha fått dei første beskjedane om diagnosen og vart sendt til fostervassprøve som kunne avdekke mellom anna trisomi, hugsar eg at eg tenkte: Tenk om han berre hadde hatt Downs syndrom.

Eg har alltid hatt forståing for at kvinner vel vekk alvorleg sjuke foster, og eg har sett for meg at eg i eit hypotetisk tilfelle kunne velje det same.

Men då eg plutseleg sat der, gravid i veke 18 med eit alvorleg sjukt foster i magen, slo morsinstinktet inn. Kjærleiken til barnet var større enn alt anna, og det tok ikkje lang tid før eg byrja å sjå for meg framtida som mamma til eit alvorleg sjukt barn.

Dessverre ville naturen det annleis. Berre to veker etter den første beskjeden om at barnet var alvorleg sjuk, kom beskjeden om at forverringa av tilstanden gjorde at han ikkje var levedyktig.

Av omsyn til eiga fysisk og psykisk helse valde vi å avslutte svangerskapet. Lille Oskar kom stille til verda på KK like før svangerskapsveke 22.

Les også

Legen rådet meg til å ta abort. Jeg er glad jeg ikke lyttet til henne.

No er eg gravid igjen. På grunn av det eg har vore gjennom, er eg ei av kvinnene som er «heldig» nok til å få tilgang til fosterdiagnostikk tidleg i svangerskapet (KUB).

Erfaringa frå sist har lært meg at eg sjølv truleg ikkje hadde vald vekk eit foster med Trisomi 21 (Downs syndrom). Eg vel likevel å ta testen fordi fosterdiagnostikk handlar om så mykje meir enn å finne ut om barnet har Downs syndrom.

På KUB/NIPT ser ein etter auka sannsyn for at fosteret har trisomi 13, 18 eller 21. Medan ein med Downs syndrom har varierande grad av funksjonsnedsetjing og kan leve eit liv med god livskvalitet, døyr 82-85 prosent av born med trisomi 13 i løpet av den første levemånaden. For trisomi 18 er gjennomsnittleg levealder seks dager.

Lille Oskar er gravlagt på barneminnelunden ved Kvinneklinikken (KK) på Haukeland sjukehus.
Les også

Livet mitt var i fare. KrF kjemper mot loven som kunne ha hjulpet meg.

Eg vel tidleg fosterdiagnostikk, ikkje for å finne ut om barnet i magen har Downs syndrom, men for å ha mest mogeleg kunnskap om barnet i magen.

Dersom eg skal bli mamma til eit barn med alvorlege funksjonsnedsetjingar, vil eg gjerne vite om det så tidleg som mogeleg. Dersom eg igjen skal bli mamma til eit barn som aldri vil kunne overleve til termin, eller berre timar og kanskje dagar etter fødsel, vil eg ha mogelegheita til å ta valet om å avslutte svangerskapet.

Ikkje fordi barnet mitt ikkje er verdt det same som andre born, eller skal sorterast vekk fordi det ikkje er perfekt (for det er det!), men fordi min fysiske og psykiske helse òg betyr noko i dette reknestykket.

I førre svangerskap fekk eg svangerskapsdepresjon allereie i veke 15, og eg klarar ikkje å sjå for meg at verken eg eller barnet skulle overlevd til termin – vel vitande om at han uansett ville døy, når verda var så mørk som han var.

Lina Kristine Tennefoss Vatshelle er gravid igjen, og er glad for at ho får tilbod om fosterdiagnostikk tidleg i svangerskapet.
Les også

Geir Jørgen Bekkevold (KrF) advarer mot lovendring: – Et nederlag for barns rettigheter

Les også

Tirsdag må alle 169 stortingsrepresentantene møte her for å stemme. Det tvinger korona-utsatte representanter ut på reise.

Det siste året har eg blitt kjent med mange foreldre som har mista barna sine. Nokre av dei har mista born brått og uventa, medan andre har stått i same situasjon som meg.

Dei har fått ein diagnose og teke eit val. Uavhengig av korleis det skjer, er det ei stor sorg å miste barn.

Vi som tar valet, må i tillegg leve med skam, skuldkjensle og folk som vil ha innsyn i reknestykket vårt: Veit vi kva som var gale med barnet vårt? Kunne han overlevd?

Var det noko meir vi eller legane kunne gjort for han? Har vi hatt ein god nok grunn til å velje å avslutte svangerskapet? Eller «sortere» han vekk, som KrF og organisasjonen Menneskeverd ville sagt?

Det er hårreisande å lese kva Birgitte Bergerud Larssen opplevde frå legen som meinte at ho burde ta abort. Eg kjenner meg heldig som fekk god informasjon om prognosane og mogelegheitene for mitt svangerskap.

Men dårleg legearbeid burde ikkje vere eit argument mot å sikre kvinner tilgang til tidlegare og betre fosterdiagnostikk.

Kampen mot sorteringssamfunnet skjer ikkje i livmora. Heller enn å kjempe mot tidleg fosterdiagnostikk burde ein kjempe for betre informasjon til kvinnene som ønskjer desse testane og til kvinnene som får beskjed om at fosteret har avvik.

Ein burde òg kjempe for betre levekår for familiane til sjuke born, slik at det blir lettare for fleire å fortsetje svangerskapet, uavhengig av kva resursar ein har.

Publisert
  1. Bioteknologi
  2. Abort
  3. Svangerskap
  4. Downs syndrom
  5. Barn

Les mer om dette temaet

  1. – KrF lager politisk maktshow for å hindre kvinner i å kontrollere egen kropp

  2. Enkeltrepresentanter kan hindre KrFs plan

  3. Nytt lovforslag vil kreve 5000 flere ultralyd­undersøkelser på KK

  4. Venstre- og Høyre-representanter vurderer å stemme mot egen regjering

BT anbefaler

De har kjempet om Bergen i snart to år. Nå er det bestemt hvem som får bli.

Kommunen har nå bestemt hvilke tre selskaper som får dele byen mellom seg de neste to årene.

LES SAKEN