Som grøn shoppar får eg ikkje noko hjelp gjennom visitbergen.com

Fordi eg ikkje fann noko om bruktbutikkar på nettstaden til Visit Bergen, Bergens offisielle reiselivsportal, sende eg dei forslaget «Topp tre bruktbutikkar i Bergen».

Publisert: Publisert:

MANGEL: Bruktbutikkane bør inn på Bergens offisielle reiselivsportal, meiner innsendaren. Foto: Skjermdump: Visit Bergen sine nettsider

Debattinnlegg

Lilly Vinje
Grøn shoppar

Teksten var ei kort, talande skildring og var også omsett til engelsk. Eg hadde lagt ved nokre foto tatt i kun eìn av butikkane (i tilfelle Visit Bergen ville bruke ein profesjonell fotograf) og håpa dei ville bruka det.

Motivasjonen min var å få fram grøne aktørar, noko som klart manglar i forhold til mange europeiske byars «visit»-sider.

Visit Bergen, tidlegare Bergen Reiselivslag, sa nei. Svaret var at butikkane ikkje var medlemmar, indirekte følte eg vel også at dei sa dei ikkje var reiselivsaktige nok. Dei svarte heller ikkje på oppfølgingsspørsmålet mitt om bruktbutikkane var aktuelle som medlemmar.

På nettsida heiter det at Visit Bergen skal vera ein spydspiss i marknadsføringa av Bergen og utvikle totalproduktet Bergen. Det står også at «Oppgavene utøves for reiselivsnæringen alene, Bergen kommune og i fellesskap».

Visit Bergen er ei foreining med handelsdrivande som medlemmar. To av styremedlemmane er oppnemnde av Bergen kommune.

I shoppingkategorien kle, smykke og sko finn du seks – Haaland, Oleana, Janus, Juhls, Arven og Theodor Olsen. Med den lista hadde eg ikkje fått noko hjelp via visitbergen.com i det heile tatt, hadde eg vore turist i Bergen. Med fare for å fornærma den eldre garde, vender nettstaden seg primært til godt vaksne og over.

Oversikta, i den grad ho kan kallast det, lever iallfall ikkje opp til undertittelen «Alt innen klær, sko og smykker».

Kor dyrt ville det ha blitt for bruktbutikkane å koma med på nettstaden?

Butikkar med mellom 0–5 millionar i omsetning betalar 3400 kroner. I tillegg må ein visst ha ein produktpresentasjon til 8000 kroner, som dessutan fort blir til meir viss du ikkje er i stand til å utføra den obligatoriske omsetjinga sjølv. Alle prisar er eksklusive moms.

Kvifor skal produktplasseringa koste så mykje for ein liten, alternativ butikk? Ei nettside som offisielt representerer Bergen, burde teke større solidaritetsansvar.

Bidreg Visit Bergen til utarming av eit levande sentrum?

KRITISK: Bidreg Visit Bergen til utarming av eit levande sentrum? spør Lilly Vinje. Foto: Privat

I vedtektene står det at eit av hovudmåla til Visit Bergen er «Å øke antall tilreisende til regionen, spesielt i kjøpesterke segmenter.» Er det cruisepassasjerar då, eller? Ein må for all del ikkje oppmuntra til besøk av fleire miljøbevisste tilreisande.

Kan eller vil kommunen gjera noko der, eller har han, ut frå korleis det heile er lagt opp, ikkje noko han skulle ha sagt? Eg forstår at dei må tena pengar, og på eit eller anna vis må dei vera organiserte, men VisitOslo er for eksempel eit aksjeselskap og likevel mønsterverdig som offisiell side.

Visit Oslo informerte meg om at «Det er gratis å være oppført på siden vår, men vi gjør noen redaksjonelle vurderinger på hva vi tar med. Men grønne tilbud prioriterer vi stort sett».

Det er kanskje litt urettferdig å samanlikna med hovudstaden som er europeisk miljøhovudstad, men eg gjer det, og dessutan meiner eg at miljø trumfar alt. VisitOslo.com har mellom anna ein guide til økologiske restaurantar og utvalde bruktbutikkfavoritter i Oslo.

Til og med resirkulering og matsvinn blir dekka i denne grøne guiden: «Mange hoteller i Oslo jobber hardt for å redusere mengden mat de kaster hver dag. Ring på forhånd for å forsikre deg om at hotellet du velger er eitt av dem.» Det er reklamen sin, det! Vidare: «Å kjøpe brukt er en fin måte å støtte miljøet på. Det er openbert også gode nyheter for reisebudsjettet ditt.»

Altså ei totalt anna haldning til turistar. Samanlikna med grøne VisitOslo framstår Visit Bergen som ein kapitalistisk pengepugar.

Visit Bergen: - Vi er ikke så ille som du tror

Visit Bergen er primært finansiert av medlemsbedriftene våre. Følgelig er det disse som får anledning til å profilere seg på våre nettsider. Medlemsinntektene går blant annet til drifting av nettsidene våre.

Når det er sagt, har du helt rett i at vi må bli flinkere til å profilere bærekraftige tilbud. Styret i Visit Bergen har i år vedtatt en ny strategi, som vi er i ferd med å iverksette. Denne strategien er bygget på FNs bærekraftsmål. Det er ikke en volumstrategi, men en lønnsomhets- og bærekraftstrategi.

Noe av årsaken til at vi vil henvende oss til kjøpesterke segmenter, er at vi ønsker å øke oppholdstiden til dem som besøker Bergen. I 2018 bodde en gjennomsnittlig hotellgjest 1,55 netter i Bergen. Det ligger mye bærekraft og lønnsomhet i å få dem som allerede er her, til å bli lengre.

Som følge av at strategien vår er endret, skal vi legge om nettsidene våre, som dessverre er ganske gamle. Det er et omfattende arbeid som tar litt tid, men det kommer. Vi vil legge større vekt på bærekraftig reiseliv, og vi vil selvsagt kommunisere den nye strategien vår på de oppdaterte nettsidene våre.

Jeg håper og tror at vi ikke er så ille som du har fått inntrykk av når det kommer til bærekraftig reiseliv – for det er et tema vi jobber med hver eneste dag.

Reiselivsdirektør Anders Nyland i Visit Bergen

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg