Perfekt til jul, liksom

Kvifor treng eg sprettrumpe på julebordet, den festen i året eg vert fullast og skjemmer meg mest ut?

SIXPACK: Mediene gjev deg ein plan på korleis du skal få sixpack på ti minuttar. Det er jo ikkje noko anna enn eit forbanna mirakel,skriv Kristian Fjellanger. Scanpix

  • Kristian Fjellanger
    Forfattar og SV-medlem

Kva har kjendisane Marit Bjørgen, Rihanna, Anne Rimmen, Beyonce, Jennifer Lopez, Kim Kardashian og Tone Damlie Aaberget til felles? Jau dei har alle kroppar som du - ved hjelp av bestemte treningsformer - kan få. I alle fall ifølgje norsk presse.

– Denne veka rullar ungdomsorganisasjonen PRESS ut si årlege kampanje «Gullbarbie». For sjuande året på rad kårar PRESS den reklame- eller medieaktøren som er best på å få ungdom til å føle seg verst. I 2016 stakk Dagbladet velfortent av med sigeren, men konkurransen er tøff, for nær heile mediebransjen kan synast å ha eit ynskje om å vinne denne noko belasta tittelen.

Eit lite søk på kva media har skrive og korleis dei meiner du skal sjå ut for å gå på stranda, fest eller utruleg nok julebord, gjer at denne prisen er meir enn relevant. Den er naudsynt.

Sumarkroppen er eit tema som aldri vert uaktuelt. Frå og med tredje nyttårsdag kan ein lese tips og råd om korleis ein vert klar til sumaren. Men at ein må ha sprettrumpe for å gå på julebord var nytt* for meg. I byrjinga av november for nokre år sidansatt Adresseavisen fart på slappe rumpeballar med denne artikkelen:

Slik får du sprettrumpe til årets julebord
Nå begynner det å haste. Det er ikke veldig lenge til jul. Har du planer om å få stramma opp rumpa før julebordssesongen begynner, er det nå du må starte.

Les også

Jeg trodde jeg var ødelagt

Eg kan ikkje la vere å stille meg spørsmålet: Kvifor i himmelens namn skal eg ha sprettrumpe til julebordet? Om den ikkje har vore der før på året, kvifor treng eg den på den festen i året eg vert fullast, skjemmer meg mest ut og ofte har vakna dagen etter med ribbefeitt på kjakane? For at dei andre skal tenkje «Herregud for ei fyllemer, men han har litt av ei sprettrumpe»?

Om du ikkje er like ignorant som meg når det gjeld Adresseavisen sine «helsetips» og går for å få deg sprettrumpe, kan du jo òg velgje og vrake i kva type spretten rumpe du vil gå for. Du kan eventuelt velje å gå for Dagbladet sine tips i saka «Slik får du sprettrumpa til Tone Damli». Og det er ikkje nokon «kven som helst» sånn reint rumpemessig. Dette er ei rumpe av høg kvalitet skal ein tru folk som har peiling på rumper.

Selvfølgelig har hun Norges fineste rumpe! Har du sett den eller? Det er så mye sprett i den at du kan kaste den ut av vinduet i første etasje, og ta den imot i tiende når hun spretter opp igjen, sa Vanessa Rudjord, til Dagbladet.

Om du tykkjer rumpa til Tone Damli er litt «avleggs» kan du heller velgje mellom å få Marit Bjørgen si rumpe, ei vaskeekte draumerumpe, den perfekte rumpa eller den ultimate jeansrumpa, eller ei sexy og stram rumpe hos Bergens Tidende (Når det er så få sumardagar, må ræva vere på sitt ypparste, si).

Sjølvsagt sluttar det ikkje med kva rumpe ein kan få. Ein kan nærmast trene kvar einaste kroppsdel slik at han kan tilhøyra nokon som media meiner ser perfekte ut. For den kroppen du har synast jo på ingen måte å vere perfekt.  At det er mange som kjenner på nettopp dette, var noko VG ville setje søkjelyset på. Eller rettare sagt flaumlys. I serien» «#Kroppenmin – gode nok som vi er» viste VG våren 2014 bilete av nakne kroppar. Heilt vanlege kroppar, med heilt vanlege valkar og kviser. Menneske som lev vanlege liv, på ulike stadar i heile Noreg. Eit godt initiativ og ein fin serie, som viser noko anna enn dei kroppane som vanlegvis vert synt fram. Men det var ikkje lenge. For når sumaren nærma seg, var kvardagskroppen gløymt, for då laga dei framsider der dei i krigstypar kunne gje deg informasjon om «Slik får du strandkropp» og «Slik deffer du deg til sommerkroppen». Så det stakk nok ikkje så djupt. Det der med at du er god nok. For du hadde ikkje god nok kropp til å gå på stranda.

Les også

Den forbannede normalen

Mykje av denne kroppspropagandaen er retta mot jenter og kvinner. For tradisjonelt sett er jo kropp og venleikstyranni noko mest kvinner er råka av. Men og fleire og fleire gutar kjenner presset på kroppen – og får deira dose av artiklar om korleis dei bør sjå ut.

Adresseavisen er på ballen her òg, og gjev ei oppskrift på korleis ein skal få magen til Petter Nortug, og VG (igjen den avisa som meiner at du er god nok som du er) gjev deg ein plan på korleis du skal få sixpack på ti minuttar. Det er jo ikkje noko anna enn eit forbanna mirakel.

Vidare kan ymse media gje deg oppskrift på korleis du kan få kroppane til Jason Statham, Brad Pitt (og ja – det er den kroppen han hadde i Fight Club) og Zac Efron. Sistnemnde trur eg vart konfirmert i fjor, så nett det gjev eg opp før eg har tenkt ut tanken.

I ei oppgåve av sosiologistudent Samuel Arnstad om kroppspress blant menn i alderen 18 – 25 år, svarar intervjuobjekta at hovudårsaka til at dei trenar, er å byggje kropp og det å få ein muskuløs kropp. Helse og sunnheit er sjeldan ei årsak til at menn finn vegen til treningsstudioet og styrkerommet der.

I aldersgruppa 16 – 24 år driv heile 70 % av gutane med styrketrening, noko som er langt meir enn det er gutar i same aldersgruppa som speler fotball.

Talet unge gutar som utviklar kroppsbildeforstyrringa Megareksi er stadig aukande.

Fysisk aktivitet og trening er ein god ting. For vi har jo stadig ei folkehelseutfordring knytt til fedme og overvekt. Men det handlar om å finne den gode balansen. Båe for jenter og for gutar.

Gullbarbie er ein god måte å setje fokuset på ein viktig sak. Men kan ho òg vere med på å forsterke inntrykket av at dette er ei sak som berre gjeld jenter? For barbiedukker er no eingong noko ein forbinder mest med jenter. Det å vere gut og slite med båe sjølvkjensla og frykta for ikkje å vere god nok, kan opplevast som ekstra tungt når det ein slit med er eit «jenteproblem»

Eg meiner det er på tide at PRESS finn fram litt meir gullemalje og gjev Barbie sitt mannlege motstykkje Ken Carson ein omgang med penselen. Denne dukka kom i sal berre to år etter at den fyrste barbiedukka sette griller i hovudet på småjenter over heile verda. Ein Gullken vil kunne vere med på å seie at dette er ei sak for alle ungdommar. For vi er alle gode nok.

Sjølv om ein stiller på julebord utan sprettrumpe.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg