Treng ikkje øl i skisenter

Tryggleiken til borna er langt viktigare enn at enkelte vaksne får sjansen til å drikka meir alkohol.

BORNA FYST: Omsynet til borna sine ønske om edrue vaksne er viktigare enn Eikedalen Skisenter sitt ønske om skjenkjebevilling. Arkivfoto: Knut Egil Wang

Debattinnlegg

  • Gro Anette Fanebust
  • Marit Barene

I haust søkte Eikedalen Skisenter Samnanger kommune om skjenkjebevilling. Trass i at politiet si tilråding til kommunestyret var å ikkje innvilga skjenkjebevilling, av omsyn til at skianlegget er rekreasjonsområde for born og unge, valde likevel kommunen å innvilga søknaden med enkelte avgrensingar. I vedtaket er det berre tillate å servera alkohol innandørs, og salet blei avgrensa til fredag og laurdag klokka 15–23. No har Eikedalen Skisenter klaga på vedtaket frå kommunen.

Saka skal opp i kommunestyret i midten av mars. Idrett Utan Alkohol ber om at medlemmane i kommunestyret har fokus på helse, tryggleik og behovet for alkoholfrie soner!

Les også

Vil ha alkoholsalg i Eikedalen - 16 timer i døgnet

Idrett og friluftsliv skal fremje helse og ein sunn livsstil. Når politikarar opnar for alkoholservering i alpinsenter, går alkoholbruken opp og den fysiske aktiviteten går ned. Det er truleg det motsette av kva dei fleste politikarar ønskjer i ei tid der overvekt, livsstilssjukdommar og fysisk inaktivitet aukar.

Koordinasjon og konsentrasjon vert svekkja ved 0,3 promille. Alpint vert rekna som ein idrett med medium til høg risiko, og det er dødsulukker i alpinbakkane omtrent årleg i Norge. Rus sløvar aktsemda og gjer at folk er villige til å ta større sjansar. Alkoholservering i bakkane er difor det motsette av førebyggjande arbeid mot ulukker. Forsking frå utlandet syner ein direkte samanheng mellom promille og alvorsgrad i skiulukker.

Alpint krev god kontroll og rask reaksjonsevne. Allereie ved 0,3 promille blir du mindre årvaken, og dømmekraft, koordinasjon og konsentrasjon blir svekkja. Dersom ein mann på 75 kilo drikk to halvliterar på ein time, vil han få om lag 0,5 i promille. Vil vi då ha han attende i skibakken blant store og små, erfarne og ikkje fullt så erfarne skikøyrarar? Vi veit at vaksne tek med seg born heilt ned i to-årsalderen opp i dei store løypene. Tryggleiken til desse borna meiner vi er langt viktigare enn at enkelte vaksne får sjansen til å drikka meir alkohol.

I dag kan ein fleire stader drikka alkohol på fotballkamp, konsert, kino og hjå frisøren. Alkoholbruken aukar og dei alkoholfrie sonene vert stadig færre. Det vert difor ekstra viktig å ta vare på enkelte arenaer som kan vera alkoholfrie for born og unge, for dei som har opplevd problematisk alkoholbruk, og for dei som ønskjer å vera i aktivitet i trygge omgjevnadar.

Les også

Fire av ti lar skiene stå i vinter

I trafikken er det brei oppslutning om nulltoleranse med omsyn til promillekøyring. Kvifor skal vi leggja til rette for promillekøyring i skibakken? Ein av pådrivarane for afterski i Eikedalen, Per Øivind Ekerhovd, seier til BT at varmestova først og fremst er ein kafeteria, og at det aktuelle området vil vera skjerma frå barnetrekka. Spørsmålet er om vi kan akseptera at dei same vaksne som kjem frå varmestova har promille når dei susar ned bakkane?

Vi meiner at omsynet til borna sine ønske om edrue vaksne og alle andre sin tryggleik, må vera viktigare enn Eikedalen Skisenter sitt ønske om skjenkjebevilling. Vi vonar kommunestyremedlemmane i Samnanger er einige med oss!

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg