På tide å kvinne seg opp!
Kvinner kan ikkje alltid støtte kvinner, og menn alltid støtte menn. Det er det motsette av likestilling i mine auge.
- Marita Harkestad OenKvinnepolitisk ansvarleg, Øygarden Arbeidarparti

Dei siste åra har me diverre sett fleire døme på at lokale folkevalde seier nei til attval, av di dei synest det er så vanskeleg å stå i mange negative attendemeldingar, kritikk i sosiale media og rein hets. Ikkje minst gjeldt dette mange kvinner, som ein kan få inntrykk av er endå meir utsette for negative attendemeldingar enn ein del menn.
Som kvinne som har takka ja til å halde fram i lokalpolitikken, meiner eg likevel me treng ein samtale om korleis me møter denne utfordringa.
Eg kjenner i alle fall for eigen del på sterk motvilje når eg nærast vert forventa å meine at alt rundt meg – mannlege politikarar, møtetidspunkt, partikultur, politiske motstandarar, folk som kommenterer på Facebook og Twitter, veljarar og så vidare – er eit problem for engasjementet mitt.
Hvordan få respekt som kvinnelig leder?
Er det verkeleg ingen som ventar av meg at eg skal stå for ein støyt? Trur ingen eg kan stå i det når sakene er vanskelege, ta ein diskusjon som er vanskeleg, eller seie frå når eg meiner det er på sin plass? Det ventar eg nemleg av meg sjølv – og av erfaring veit eg at eg i høgste grad er i stand til det.
Når det er sagt, er eg fullt ut innforstått med at deltaking i samfunnsdebatten har sine krevjande sider. Og eg er sterk tilhengar av tiltak og initiativ som kan få fleire kvinner med i politisk arbeid.
Men eg trur ikkje me oppnår denne målsetninga ved å gjere kvinnelege politikarar til persilleduskar som ikkje toler noko som helst, og som treng hjelp og støtte for den minste ting.
Eg forstår sjølvsagt at det eg skriv her kan vere provoserande å lese for nokon. Men det handlar om at eg så ofte opplever at samtalar me kvinner i politikken har med kvarandre, får preg av at kvinner skal hjelpe kvarandre oppover i det politiske systemet.
La meg vere heilt klar: Eg er sterk tilhengar av kvinnenettverk og møteplassar for kvinner, både i politikken og på andre samfunnsarenaer. Derimot er eg ikkje så interessert i korleis eg sjølv kan kome meg opp og fram.
Podkast: Hun sikret likestilling for tusenvis av norske kvinner, men har aldri fått den æren hun fortjente
Kvinner i Noreg møter dagleg på store utfordringar, som lågare løn enn menn, meir deltid enn menn, større risiko for å verte ufør enn menn har, og store økonomiske utfordringar dersom ein er åleineforsørgjar – noko det framleis er langt fleire kvinner enn menn som er. For å nemne noko.
Når det er slike saker eg kjempar for, kjenner eg at det er verdt det. Hadde eg berre vore med i politikken av omsyn til eigen karriere, hadde eg derimot lagt inn årene for lengje sidan.
Kva synest du om kjønnskvotering?
Som aktiv i Arbeidarpartiet er eg i tillegg med i eit parti som for lengst har avgjort at verva og posisjonane skal delast likt mellom kvinner og menn – eit heilt sjølvsagt prinsipp i mine auge. Men konsekvensen av det prinsippet er at me også i andre samanhengar handsamar tillitsvalde og aktive likt, på tvers av kjønn.
I tillegg er det jo også ganske mange dyktige menn i Arbeidarpartiet, noko det opplevast rart for meg å berre skulle sjå vekk frå. Noko personleg ansvar for å byggje opp fleire kvinnelege politikartoppar har eg difor store vanskar med å stille meg bak.
Har me som parti først bestemt oss for å ta likestilling på alvor, må me også følgje opp dette i praksis. Då kan ikkje kvinner alltid støtte kvinner, og menn alltid støtte menn. Det er det motsette av likestilling i mine auge.