Også vaksne bør lære meir om sex

Burde vi ikkje alle fått lære at klitoris er ganske så kul?

Mykje av det born lærer på skulen i dag, fekk ein ikkje med seg viss ein gjekk på skulen for ti–tjue år sidan, skriv innsendaren.
  • Karoline Hasle Einang
    Sjukepleiar
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Solberg-regjeringa sin strategi for seksuell helse, «Snakk om det! 2017-2022», går veldig snart ut på dato, og ingenting ligg klart for å erstatte den.

Heldigvis har Helsedirektoratet sett av ein pengepott som organisasjonar og institusjonar kan søke på for å følgje strategien ut av 2022 og inn i framtida. Då eg verken er ein organisasjon eller ein institusjon, men berre ein skarve sjukepleiar og student, ynskjer eg med dette at nokon skal plagiere dette forslaget til prosjektsøknad:

Vaksenopplæring: seksualitetsundervisning.

Det er tydeleg for meg at seksualitetsundervisninga i grunnskulen har endra seg mykje og blitt betydeleg betre dei siste åra. Med organisasjonar som Sex og Politikk, Sex og Samfunn og Medisinernes Seksualundervisning, som driv undervisning eller utarbeider materiale til skulen, lærer unge i dag meir om kropp, sex, legning, kjønn, identitet og seksualitet.

Går vi glipp av verdifull kunnskap som kunne ha styrka liva våre? spør Karoline Hasle Einang.

Men, kva med oss andre? Vi som hadde seksualundervisning for 10, 20 eller 50 år sidan og framleis har kropp, sex, legning, kjønn, identitet og seksualitet? Får vi opparbeida oss denne kunnskapen sjølv utan å ta ti studiepoeng på universitetet?

Plukkar vi med oss «Gleden med Skjeden» og liknande verk på biblioteket? Eller går vi rett og slett glipp av verdifull kunnskap som kunne ha styrka liva våre?

Mange av oss fekk beskjed om at menstruasjonssmerter var forventa, og at alle jenter har vondt ved første seksuelle samleie. Vi såg på kornete bilete av penis og vulva, men fekk ikkje vite før i vaksen alder at klitoris er kjempestor og ganske så kul.

Mange går rundt med smerter utan å oppsøke helsevesen fordi dei trur det er heilt normalt, skriv innsendaren. Teikninga er frå medisinerstudentanes seksualundervisning i 2017.

Vi lærer jo av kvarandre, av vener, kjærastar, partnarar og media. Men ville det ikkje vore meir effektivt og lettare om vi fekk samla alle og fått tilnærma lik opplæring?

Føler du at du treng å lære meir om sex?

Vi antek at lidingar som vulvodyni (smerter i underlivet) og endometriose råkar veldig mange fleire enn vi veit om. Mange går rundt med smerter i mage og underliv i mange år utan å oppsøke helsevesen – fordi dei trur det er heilt normalt, eller fordi dei manglar språk for å beskrive plagene sine.

Helsepersonell er også for dårlege til å spørje pasientar om sex og intimitet, dermed blir denne tematikken aldri løfta.

Det er ei stor belastning å gå rundt med smerter som kunne vore behandla, og provoserande at så mange gjer det berre på grunn av mangel på kunnskap.

Då eg gjekk på ungdomsskulen, var ikkje samtykke eit kjent omgrep. Enkelte trur at ei samtykkelov vil føre til at vi må ta med eit underskriftsskjema under dyna, men det er evna til å seie ja og å vente på eit ja som er målet, ikkje å øve seg på å seie nei. Blir vi gode på å respektere eigne og andre sine grenser dersom vi aldri har lært om samtykke?

Born er som kjent framtida, men det er stort sett vaksne i notid som blir utsett for og utfører seksuelle overgrep, har forstørra prostata, overgangsalder og smerter. Dette er ei her-og-no-utfordring det ikkje er nokon grunn til å vente med å adressere til barna våre blir vaksne. Dette er kunnskapen vi alle skulle hatt.

Så kjem kanskje spørsmålet om korleis ein får menneske med hektiske vaksenliv til å møte opp til noko slikt. Det kan de nok finne ut av sjølve.

Eg foreslår i alle fall at det kan gå føre seg kvar måndag klokka sex.

Publisert: