Venezuela og media

Det som for tida hender i Venezuela, er av dei beste døma på forsøk på destabilisering av eit land – attende til det tidlegare marknadsstyrte tyranniet.

DELT LAND: Det er ikke berre store demonstrasjonar mot Maduro i Venezuela, men òg mange støttemarkeringar for presidenten, skriv innsendaren. Biletet viser ei slik markering i hovudstaden Caracas laurdag. Foto: Ariana Cubillos / TT NYHETSBYRÅN

  • Ivar Jørdre
    Styremedlem i Latin-Amerikagruppen i Bergen
Publisert:

Nyliberalismen brukar det formelle demokratiet til pynt på kostnad av reell demokratisk deltaking og sosioøkonomisk fordeling. Mange kritiske samfunnsforskarar har skulda USA opp gjennom tida for å vilje destabilisera og fragmentera nasjonar som t.d. Venezuela, i samsvar med nyliberalismen sitt driv til å svekkje styresmakter og nasjonalstat. Olje er alltid eit stikkord her.

Washington støttar opposisjonen som prøver å styrte regjeringa. Utanriksminister Pompeo ytrar ønsket om eit regimeskifte, det tyder i praksis eit kupp. Trump seier i retorikken sin at alle mogelegheiter er opne for «tiltak» for skifte i Venezuela. Denne analysen om USA sin politikk er anvendeleg i høve Venezuela, men vert ikkje forklara i media.

Dette er viktige faktorar som gjer det meir sannsynleg med regimeskifte i Venezuela no enn før: Regjeringspartiet PSUV sin presidentkandidat Nicolás Maduro vann valet i fjor med ei valdeltakinging på 46 prosent. Ja, valet og prosessen rundt det er absolutt kontroversielt, men det er slik at store delar av opposisjonen boikotta valet, endå to kandidatar (i ein splitta opposisjon) stilte opp mot Maduro.

Les også

Guaidó: – Det står om landets skjebne

Men, eg forsvarar sjølvsagt ikkje Maduro-regjeringa i eitt og alt. Venezuela er eit splitta land, der dei rike og store deler av middelklassen nærast alltid (naturleg nok) har vore imot at heile folket, også dei mange fattige, skal få ei rettferdig fordeling og gode levekår. Sjølvsagt har dette gått gale i dei seinare år, og det er politisk kaos. Men som vanleg blandar USA og allierte seg inn, og ein sjølvoppnemnt Guaido som interimpresident er ikkje løysinga. Tvert om skapar det den styggaste faren av dei alle, nemleg borgarkrig.

Eg håpte at det siste utspelet til Maduro om forhandlingar med Guaido og opposisjonen kunne føre til noko, men som ved tidlegare høve sa dei nei denne gongen også, kravet var at Maduro måtte gå av først. No denne helga kontakta Maduro Trump om samtalar, men fekk nei der og.

Ja, Maduro-regjeringa har gjort mange feil: Den økonomiske politikken er skakkøyrt. «Einsidig oljeøkonomi», feilslått valutapolitikk, kjøpekrafta til folk er kraftig redusert, dårleg handtering av statsgjelda, mykje korrupsjon innan statsapparatet som har vore der lenge osb. Deler av opposisjonane har vorte invitert til samarbeid om å løyse dei mange utfordringane landet har kome i, mange gonger, men har sagt nei kvar gong.

Når det gjeld varesituasjonen, må dei store private kjedene, eigd av enkeltpersonar, og Maduro-regjeringa dele skulda. Maduro-regjeringa for ikkje å få nok produsert, og dei privateigde for å lenge ha sett vekk massevis av varer for å få varemangelen komplett. Dette fenomenet var også kjent før kuppet i Chile 11. september 1973.

Les også

BT på lederplass: «Maduro må settes under press»

Når den nyvalde presidenten i den opposisjonsdominerte nasjonalforsamlinga, Juan Guaido, overraskande utnemner seg sjølv som mellombels president for Venezuela, då er det greitt i media. Tenk om ein figur i Ukraina med sympati for Russland hadde gjort det same? Då hadde det vorte baluba i vestleg presse! Men eit slikt udemokratisk trekk gjeld tydelegvis ikkje Venezuela.

No er Guaido anerkjend som interimpresident av fleire vestlege land, inkludert Sverige, Frankrike, Spania og Storbritannia. Guaido får òg støtte frå høgreregjeringar i Colombia, Chile, USA – og ekstremhøgre-presidenten Bolsonaro i Brasil, i tillegg til Canada og Danmark. EU er «Maduro-skeptiske» og vil ha nyval.

Maduro-regjeringa har framleis støtte frå andre land i Latin-Amerika, t.d. Bolivia, Ecuador, Uruguay, Mexico, i tillegg til m.a. Kina og Russland, og EU-landa er litt splitta i synet på Guaido. Framleis har Maduro støtte i militæret, nyleg uttalt av dei øvste offiserane. Men nokre av generalane har skifta side og støttar no Guaido.

Det er absolutt ikkje berre opposisjonen som er ute i gatene. Store demonstrasjonar til støtte for regjeringa finn også stad. Laurdag 1. februar var det på nytt store demonstrasjonar mot Maduro. Samstundes var det store demonstrasjonar for Maduro, men dei vart i liten grad nemnt i media. Eg håpar det vert meir «objektive» opplysningar om kva som går føre seg i Latin-Amerika og Venezuela i framtida. Hender det, skal eg ta av meg både huva og kleda!

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg