**Som i fotballen** er det også i forskingsverda viktig å trekka til seg dei beste. Det kan gjerast på to måtar - anten gjennom å utvikla eigne stjerner eller ved å henta dei frå andre. Norsk fotball har forstått at det i lengda kan lønne seg å satsa på talentutvikling framfor overgangsmarknaden, men den erkjenninga har endå ikkje nådd kunnskapssektoren.

I den nye langtidsplanen for forsking og høgare utdanning finn ein gode ambisjonar for norsk forsking. Utdanning ser derimot ut til å vera med i tittelen mest for pynt. Skal kunnskapssektoren få det løftet den treng må ein ta tak. God utdanningskvalitet i dag vil føra til fleire nobelprisar i framtida, for verdsleiande forskingsmiljø er avhengig av god utdanningskvalitet.

Gjennom planen skissera ein korleis ein vil løfta nokre miljø opp i verdstoppen ved dei tradisjonelle universiteta. Dei universiteta har også ansvaret for å sikra breidda i det norske utdanningssystemet. Det er to oppgåver som ikkje er motstridande. Ein av dei store styrkane med ei universitetsutdanning er at ein har høve til å ta fag frå fleire fagområde inn i graden sin. Dette gjev ei grunnstamme som ein har god bruk for seinare — i arbeidslivet eller som forskar. Moser-ekteparet som nyleg tok imot Nobelprisen i medisin ville aldri fått denne utan ei framifrå utdanning i botn.

Langtidsplanen skal ha ros for at den prioritera og konsentrera ressursane. Men ein må ikkje sjå seg blind på kampen om å få forskingsmiljø i verdstoppen og gløyma fokuset på god utdanningskvalitet. I universitets— og høgskulesektoren får ein ofte inntrykk av at forsking og utdanning er to vidt forskjellige ting, og at forsking er det som vert prioritert. Ved universitetet snakkar ein om «undervisningsplikt og forskingsfri». I langtidsplanen for forsking og høgare utdanning er ordet «forsking» nemnt 468 gonger medan ordet «utdanning» er nemnt 194 gonger. Det seier alt om kvar hovudfokuset ligg.

Skal ein lukkast med å skapa framifrå forskingsmiljø må ein først av alt byrja å snakka om desse to tinga saman. Ein snakkar ofte godt og varmt om forsking, men det er sjeldan me høyrer det same om utdanning. Klarar ein å bli kvitt dette tankegodset trur eg at ein har lukkast med mykje.

Ein snakkar ofte godt og varmt om forsking, men det er sjeldan me høyrer det same om utdanning

Sjølv om ein er eit forskingsuniversitet har ein også eit stort ansvar for å utdanne. Det er eit ansvar som me ønskjer å utfordra institusjonane og regjeringa til å ta på alvor. Skal ein lukkast med å dreie fokuset i retning av utdanningskvalitet må ein endre systemet. I dag har me eit finansieringssystem som premierar dei som har god kvalitet på forskinga si. Det nye finansieringssystemet som skal leggjast fram ved nyttår bør i større grad premiere god utdanning. Det vil gje institusjonane insentiv til å satsa på godt læringsmiljø og god utdanningskvalitet.

Det er avgjerande at institusjonane i sektoren set utdanningsleiing høgare på agendaen. Det må leggjast til rette for og byggjast ut støttesystem og infrastruktur som stør opp om satsing på undervisning også. Ordninga med Senter for fremragende utdanning (SFU) er eit glimrande døme på korleis ein ønskjer å stimulera universitet og høgskular til etablering av og utvikling av miljø som tilbyr framifrå utdanning. Desse har stor overføringsverdi og må nyttast aktivt til å utvikla norsk utdanning i riktig retning. Utdanning og forsking er avhengig av kvarandre - saman vert ein betre og kanskje vert ein best.