Mange familiar har travle ettermiddagar og vanskar med å samle familien til felles måltid. Jan Erik Rossow skrev om problemet i BT førre veke. Samstundes er det ein del barn som verken er på SFO eller med i andre organiserte fritidsaktivitetar. Å delta på dei, særleg gruppeaktivitetane, har mange fordelar både for fysisk og psykisk helse.

Myndigheitene har gjennom ulike styringsdokument signalisert at alle barn bør få delta på minst ein fritidsaktivitet saman med andre barn. Men korleis kan ein sikre at alle barn får det?

Gratistilbod kan hjelpe nokon, men det handlar ikkje berre om pengar. Like mykje handlar det om å forstå kor viktig det er å delta på slike tilbod. Mange foreldre med minoritetsbakgrunn er ukjende med dette, men ved å arbeide med foreldra, kan ein få fleire barn til å vere med.

IKKJE MED: Som helsesøster i skulen møter ein barn som verken er i SFO eller på andre organiserte fritidsaktivitetar, skriv Mariann Enoksen.
PRIVAT

Som helsesøster i skulen møter ein barn som verken er i SFO eller på andre organiserte fritidsaktivitetar. Ofte har barna ei kjensle av å vera utanfor, og dei kjenner seg åleine. Ettermiddagane kan bli lange, nokre synest det hadde vert bra om skuledagen var lengre. Ei jente fortalde meg at «dei brune» ikkje går på SFO. I ein alder av sju år hadde ho observert at det er fleire barn med minoritetsbakgrunn som går heim rett etter skulen enn barn med etnisk norsk bakgrunn.

Det stemmer godt med forsking at barn med minoritetsbakgrunn fell utanfor ulike fritidstilbod. Medan vennene kan springe inn på SFO og leike, er det nokre som står igjen i garderoben med foreldra. Heime er det middag, sysken, lekser og god tid. Men få venner. Utanforskap kan føre til psykiske helseplager om det får utvikle seg.

Vi er mange som snakkar om at SFO-tilbodet gjerne skulle vert rikare og gjeve barna fleire opplevingar. Det kunne frigjort tid på ettermiddagane for travle familiar. Men like viktig er det at alle barn får vere med. Gjennom leik med andre får barn styrkt si sosiale og emosjonelle utvikling.

Politikarar og alle som arbeider med barn og unge, må gje foreldre informasjon om kvifor SFO og andre fritidsaktivitetar er viktig. Noreg er eit kunnskapssamfunn, der skule og fritidsaktivitetar sikrar barna våre utvikling. Om ein fell utanfor desse arenaene, får ein ikkje same mogelegheit til utvikling som andre barn. Ei løysing er å gjere skuledagane lengre.

Skulen treng ikkje ha det fulle ansvaret for det utvida tilbodet, men nytte seg av ulike samarbeidspartnarar som er interessert i å fremje helse og velvære hjå barn og unge. Ved å invitere frivillige organisasjonar og andre inn i skulen, kan ein tilby ulike aktivitetar dei siste timane. Gjennom dei lærer barn kva dei likar og ikkje likar, og dei vert betre rusta til å finne fram til aktivitetar på eiga hand seinare.

For å sikre alle barn optimal utvikling, må ulike aktørar samarbeide og tenkje meir heilskapleg enn i dag. Det er gledeleg at Slettebakken skule til hausten skal prøve ut eit samarbeidsprosjekt med frivillige aktørar.