Av studentane som byrja på høgare utdanning i studieåret 2001/2002 var det heile 42 prosent som ikkje hadde fullført ein grad i løpet av ti år, syner tal frå SSB. Dette fortel oss at systemet ikkje fungera slik det skal.

Ein av hovudgrunnane til at tala er så høge, må seiast å vera at over ni av ti studentar har studiestønaden som biinntekt. Dette vitnar om ein situasjon der studentane nyttar tida si på deltidsjobben i staden for å studera.

Må byggast ut

Eg trur derimot ein også må gjera noko med heile systemet for rådgjeving og rettleiing i det norske utdanningssystemet. Det må byggast ut eit rådgjevingsapparat som er i stand til å hjelpe studentane med gode opplysningar slik at dei kan gjera opplyste val. Dette må kome inn i grunnskulen, for på vidaregåande kan det vera for seint. Retten til nødvendig rådgjeving er given gjennom opplæringslova, kor god denne skal vera handlar om politiske prioriteringar. Ein god rådgjevingsteneste kan også bidra til å jamne ut den kjønnsubalansen som ein ser på enkelte studiar.

Faget Utdanningsval kom inn i skulen i 2008 og har som formål å knyta grunnskule og vidaregåande skule tettare saman. Det er eit godt formål og eit skritt i riktig retning, men kven har ansvar for desse faga og kva utdanning er krevja av dei som underviser i dette faget? Mi oppleving av rådgjevingstenesta både i grunnskulen og i vidaregåande opplæring er at dette er noko som er nedprioritert.

Det er ikkje eit mål å styre vala, men det er eit mål at dei som skal byrja å studera skal få best mogleg informasjon som dei kan nytte til å fatte riktige val. Både studentane og samfunnet elles er tent med at ein gjer dei riktige val og dermed unngår at ein fell frå i løpet av graden.

Avhengige av råd

Tala frå SSB syner også at ein finn den høgste delen av dei som ikkje fullfører blant dei studentane som har foreldre som berre har grunnskuleutdanning. Det er rimeleg å anta at desse i endå større grad enn andre er avhengige av eit godt rådgjevingsapparat som kan synleggjera dei moglegheitene som finst i det norske utdanningssystemet. Såleis vil ei styrking av dette tilbodet vera med å gjera omgrepet «lik rett til utdanning» meir reelt enn kva tilfellet er i dag.

Ein del av fråfallet heng saman med dårleg studiekvalitet og for dårleg oppfølging. Men eg trur mykje kan løysast gjennom noko så enkelt, men likevel så vanskeleg, som gode råd. Dei skal ikkje vera vanskeleg å få, men lett tilgjengeleg. Det vil gjera jobben med å fatta det som kanskje er livets vanskelegaste val enklare.