**KrF og Venstre er blitt** samde med regjeringa om nye innstrammingar i innvandringspolitikken. Medan me debatterer asylbarn og 10.000 overføringsflyktningar, blir omfattande lovendringar sendt på høyring utan at det har ført til særleg offentleg debatt.

Jamfør dagens regelverk må alle innvandrarar søkja om fornya opphald kvart einaste år fram til dei har fått permanent løyve. Det kan ein søkja om etter tre år. Regjeringa har no føreslått at det skal bli fem år. 1 av 43 høyringsinstansar støtter forslaget, men det spørst om regjeringa lyttar.

Viss forslaget blir vedteke, må dei som innvandrar til Noreg venta lengre for å få tilgang til viktige rettar, som til dømes stemmerett ved lokalval og mogelegheita til å vera på lengre jobboppdrag i utlandet utan å risikera opphaldsløyvet.

For ekteskapsinnvandrarar betyr ventetida, eller «butidskravet», at ein blir kasta ut av landet viss ekteskapet tek slutt. Dette skaper ein sterk maktubalanse mellom ektefellane, ettersom opphaldsløyvet til den utanlandske partnaren avheng av ekteskapet.

Ansvarlege politikarar er godt kjende med dei alvorlege konsekvensane butidskravet har for valdsutsette ekteskapsinnvandrarar. Altfor mange opplever at den norske ektefellen utnyttar avhengigheita og utøver kontroll, trakassering og vald. På grunn av trugsmålet om å bli kasta ut av landet, vil mange kjenna seg tvungne til å bli i eit valdeleg forhold.

Det finst ingen anslag over kor mange det er snakk om. Men vald i nære relasjonar er vanleg i Noreg, og ekteskapsinnvandrarane er mange. Krisesentra rapporterer dessutan at ein stadig aukande del av brukarane deira er kvinner med innvandrarbakgrunn. I 2013 utgjorde dei 66 prosent av brukarane, og mange av dei er gift med norske menn.

Det er over 30 år sidan kvinnerørsla først sette fokus på situasjonen til valdsutsette utanlandske kvinner. På grunn av politisk mobilisering har ein fått på plass ein unntaksregel i utlendingslova som seier at dei som blir utsette for mishandling, har rett til å bli i Noreg sjølv om dei forlét ektefellen.

Men som også Jussformidlingen peikar på i eit innlegg i BT torsdag 21. mai, er det fleire problem med denne unntaksregelen. For det første vil dei fleste av dei det gjeld vera ukjent med regelen. For det andre viser statistikken for dei fem siste åra at halvparten av alle som søkjer får avslag. Det er etter alt å døma grunnen til at Justis— og beredskapsdepartementet ber om forslag til «avbøtande tiltak».

Ein må senka terskelen for kva som blir rekna som mishandling.

Det er fleire ting som kan gjerast for å betra situasjonen til dei utsette. For det første må dei det gjeld få informasjon om kva rettar dei faktisk har, og den informasjonen får dei garantert ikkje av kontrollerande og valdelege ektefellar. Utlendingsdirektoratet (UDI) og introduksjonsordninga må blant anna gje slik informasjon. I tillegg trengst det midlar til rettshjelpstiltak og kompetanseheving i hjelpeapparatet.

For det andre må ein senka terskelen for kva som blir rekna som mishandling. Det går fram av rettspraksis at det skal mykje til for at vald og kontroll blir rekna som «mishandling i utlendingslovas forstand». I avslaga blir vald i nære relasjonar gjerne karakterisert som ein «enkeltståande episode», eller «generell misnøye» i ekteskapet. For det tredje må dei utsette få rett til bistandsadvokat for å søkja UDI om sjølvstendig opphald.

Avbøtande tiltak både kan og bør innførast for å betra rettstryggleiken til valdsutsette innvandrarar. Men slike tiltak endrar ikkje den grunnleggjande maktubalansen og avhengigheita som regelverket knesett. Juridisk avhengigheit for ekteskapsinnvandrarar står i sterk kontrast til dei normene for fridom og likestilling som ligg til grunn for ekteskapslova og som råder i samfunnet elles.

I lys av regjeringas politiske målsettingar om å auka innsatsen mot vald i nære relasjonar, er butidskravet problematisk.

Reguleringar som svekker mogelegheitene til å delta i arbeidsmarknaden og forsørgja seg sjølv, er uheldig, både ut ifrå omsynet til likestilling, integrering og økonomisk berekraft.