Regjeringa har fremja forslag om at utanlandske borgarar må avleggja kunnskapstestar i norsk og samfunnsfag for å få norsk statsborgarskap. Testinga kjem i tillegg til dagens krav om å ha gjennomført 600 timar norsk og samfunnsfagopplæring.

Forslaga er ikkje overraskande. Frp har lenge ivra for slike testar. Statsborgarskapstestar er dessutan ein innvandringspolitisk trend. USA, Canada, Tyskland, Nederland og Storbritannia har allereie innført slike krav.

Statsborgarskapstestane er svært omdiskuterte. Nokon meiner at det å dokumentera grunnleggjande språk— og samfunnskunnskap er eit fullstendig rimeleg og fornuftig krav. Andre viser til at testane er fulle av spørsmål som fleirtalet av dei innfødde ikkje sjølv kan svara på, og konkluderer med at testane først og fremst handlar om å ekskludera innvandrarar frå statsborgarlege rettar. Kven skal ha tilgang til kva for rettar, og under kva vilkåra? Dette er eit kjernespørsmål i både debatten om velferdsstaten og om statsborgarskapet. Frps Mazyar Keshvari hevda på radioen denne veka at «det skal hengje høgt å få norsk statsborgarskap», og tek dermed til orde for at stemmeretten er for dei innvandrarane som har kvalifikasjonane i orden, og som dermed har gjort seg fortent til det.

Historisk har tanken om at ein må ha visse kvalifikasjonar for å få rett til å stemma, stått sterkt. På 1800- og 1900-talet var det ei utbreidd oppfatting at store delar av befolkninga ikkje var skikka til å stemma og stilla til val. Stemmeretten var lenge berre for menn over 25, som var embetsmenn, hadde eigedom eller formue. Det var berre dei som vart sett på som kompetente og kvalifiserte nok til å delta i demokratiet. Dermed var kvinner og vanlege arbeidsfolk, det vil seia det store fleirtalet av befolkninga, utan grunnleggjande politiske rettar.

I løp av 1900-talet har stemmeretten, som er ein heilt grunnleggjande del av det å vera borgar i eit land, blitt utvida til stadig fleire grupper. Kvinner fekk stemmerett i 1913. Mellom 1920 og 1978 har stemmerettsalderen gradvis blitt senka frå 25 til 18 år. Kravet om formue, embetseksamen eller jordeigedom er fjerna. I 1983 fekk innvandrarar med permanent opphaldsløyve stemmerett ved lokalval i Noreg. Dei demokratiske rettane har heile tida blitt utvida til å gjelda stadig fleire grupper.

Både i velferdspolitikken og innvandringspolitikken stiller ein stadig fleire krav for tilgang til sivile, politiske og sosiale rettar.

Hovudtrenden på 1900-talet har vore ei stadig utviding av sivile, politiske og sosiale rettar. Oppbygginga av den norske velferdsstaten har gått ut på å etablera universelle sosiale rettar som omfattar alle borgarar. Etter kvart har dei fleste sosiale rettane blitt utvida til å omfatta innvandrarar som bur i landet, sjølv om dei ikkje er statsborgarar.

Men den siste tida har utviklinga teke ei ny retning. Både i velferdspolitikken og innvandringspolitikken stiller ein stadig fleire krav for tilgang til sivile, politiske og sosiale rettar. Åleineforsørgjarar må vera i aktivitet for å få stønad. Ein må tena 250.000 for å få ein utanlandsk ektefelle til Noreg. Ein må bestå kunnskapstestar for å få stemmerett i landet ein bur i.

Det moderne demokratiet er bygd på prinsippet om at alle samfunnsmedlemmar grunnleggjande sett er like. Det betyr at me skal ha lik tilgang til dei same sivile, politiske og sosiale rettane og pliktene, og at me har den same retten til å vera ein del av det sosiale og politiske fellesskapet. Det prinsipielle spørsmålet som forslaget til regjeringa reiser er kva rettar som skal vera grunnleggjande for samfunnsmedlemmane, og kva rettar ein må gjera seg fortent til.

Grunnleggjande rettar som stemmerett, likskap for lova og universelle velferdsordningar, er rettar me alle har tilgang til utan å måtta gjera oss fortent til dei. Det er det som gjer dei grunnleggjande. Slik rettar er prinsipielt forskjellige frå opptente rettar, som til dømes alderspensjon (ut over minstepensjon), dagpengar og foreldrepengar. Grunnleggjande rettar kan ingen nekta oss fordi dei måtte meina at me manglar kunnskap, utdanning, pengar eller arbeid. Det er sikkert svært mange stemmeberettiga som ikkje veit særleg mykje om det politiske systemet, politisk historie eller kva dei politiske partia står for. Men ein kan ikkje ta frå folk stemmeretten av den grunn, ettersom det er ein grunnleggjande rett som alle har i kraft av å vera borgarar.

Det er sikkert svært mange stemmeberettiga som ikkje veit særleg mykje om det politiske systemet, politisk historie eller kva dei politiske partia står for.

Innvandrarar har ingen automatisk rett på å bli norske borgarar, og der finst allereie ei rekke vilkår. Først og fremst at ein har budd her i mange år, og derfor er å rekna som ein del av samfunnet. Med det nye forslaget skal potensielle nye borgarar også testast for å finna ut om dei er skikka til og delta i det politiske fellesskapet. Ingen er prinsipielt ekskludert på grunn av kjønn, sosial klasse, utdanning eller alder. Men det er sannsynleg at dei som har låg eller inga utdanning (ofte kvinner), er eldre og har vanskeleg for å tileigna seg ny kunnskap eller har fysisk krevjande jobbar med lite språkleg kommunikasjon, i praksis vil vera avskoren frå stemmeretten. Det vil seia dei minst etterspurde innvandrarane.

I høyringsbrevet står det at føremålet med forslaget er at norske borgarar skal kunna norsk, ikkje at færre skal bli statsborgarar. Men fleire krav og barrierar vil nødvendigvis føra til fleire avslag.