Å kjenne seg usikker og utilfreds er god «business» for reklameindustrien, og næring til konsumsamfunnet som dyrkar fram glansbilete av «perfekte kroppar», slik at Ola Nordmann skal føle seg utilstrekkeleg. Slik at han kan kjenne på avstanden mellom korleis han ser ut og korleis han «burde» sjå ut.

Reklameindustrien fokuserer på «det framtidige sjølvet» – som om den framtidige utgåva kan verta betre enn det er på noverande tidspunkt – at det eksisterer ein distanse mellom notid og framtid, som kan og bør gjerast noko med. Hårlause, flatmaga kvinner normaliserast framfor kvinner med hårete leggar og feitt på magen. Eit sentralt bodskap her er at eins potensial berre kan verte oppnådd gjennom den fysiske utsjånaden.

Cathrine Nitter
Privat

I lys av dette er det fleire aktørar som tar til motmæle. Ved å visa fram kroppsleg mangfald skal dei bidra til å reduserer kroppspress. Dei kastar seg på ei bølgje som dei veit kjem til å gje dei kommersiell status. Extrastiftelsen er ein av dei, som no er i gang med å «kuppe» sommarkroppen ved å oppmoda alle som i det heile tatt har ein kropp, til å leggja ut bilete av denne på Instagram. Tanken bak er god. Eg har inga problem med å skjøne konseptet. Men atter ein gang undrar eg meg – kan verkeleg meir kropp bidra til mindre kroppspress? Eg meina svaret på dette spørsmålet er nei.

Psykolog Sylvia Blood hevdar i boka si «Body works» at kroppsleg misnøye i befolkninga har vekse parallelt med forskinga; jo meir forsking på feltet- jo fleire slit med misnøye kring eigen kropp. Eg trur ho har eit viking poeng. Jo meir vi snakkar om noko, og set tema på dagorden- jo meir fokus får det. Eg trur også at dagens unge veks opp med ei forståing av at ”sjølvkjensle handlar om å godta og elske kroppen slik den er”- ditt psykiske velvære reduserast ned til dreie seg om korleis du opplev ditt fysiske utsjånad. I vår overflatiske, sosiale media verd så trur eg det for mange blir slik. Vi er blitt vane med å selektere ut kven vi ønskjer å dra på date med, kven vi skal følgje, like og sjå opp til, basert på bileta dei legg ut.

Vi snakkar mykje om massemedia, metta med usunne bodskap omkring kropp, utsjånad, mat, trening osv. Dette er sant nok. Men kropp er også vorten ein del av vår kvardagsdiskurs. Vi snakkar om kropp, om trening, om kosthald, om tynn og tjukk på lik linje som kva vi skal ha til middag når vi kjem heim frå jobb. Vi kommenterer andre sitt utsjånad og underbyggjer forståinga folk har av «rett» og «gale», «fint» og «stygt», «sunt» og «usunt» osv. Lista er lang. Også mange bloggarar med mål om å fremja mangfald i kroppslege storleikar og utsjånad sentrerer sine innlegg rundt nettopp kropp.

Eg trur å svare kroppsfokus med enda meir kropp har ei bakside. Det er bra at vi jobbar for auka aksept for alle kroppar, men når kropp kommuniserast i alle kanalar og framhevast som ein så viktig del av vår verdi trur eg det kan vera uheldig. Du må faktisk ikkje vera så innmari nøgd med korleis du ser ut for å ha eit godt liv. Forsking visar at ein kan vera noko misnøgd med sin fysiske utsjånad, men likevel oppleva god livskvalitet. Psykolog Guro Øiestad hevdar i boka si «Selvfølelsen» at god sjølvkjensle også inneber å gløyma kroppen innimellom – ikkje heile tida vera den bevisst. Dette er eit viktig poeng. Eg oppmoda folk til å heller fokusere på kroppslege funksjonar som kva kroppen klarar og får til, og kor heldig dei fleste av oss er som har ein kropp som fungerer. Ein kan også generelt sett prøve å fokuser på andre ting enn kropp- det er trass alt mykje anna vi kan snakke om.