Tommy Aarethun

Visste du at det er enklare for ein student i statsvitenskap ved Universitetet i Bergen (UiB) å reisa på utveksling til Berkeley i California enn til Universitetet i Oslo (UiO)? Det er lite logisk og svært tungvint. Kanskje bidreg det også til oppretting av svake fagmiljø?Det vert ofte snakka varmt om utveksling — av gode grunnar. Det er viktig at studentar reiser ut og vert kjent med andre språk og kulturar. Likevel bør det bli langt enklare å ta fag ved andre utdanningsinstitusjonar i Noreg som ein del av graden. Ei slik ordning vil styrka samarbeidet mellom utdanningsinstitusjonane og det vil hindra oppretting av like fagmiljø.

Fagmiljø i verdstoppen

Med gode avtalar mellom institusjonane kan ein spissa seg i langt større grad. For kva skal ein med tre halvgode fagmiljø om amerikansk politikk når ein kan ha eitt i verdstoppen? Med gode samarbeidsavtalar vil studentar kunne ta enkeltemne ved andre institusjonar enn sin eigen som dei kan nytta i sin eigen grad. I eit land med om lag fem millionar og i overkant av 200000 studentar må me ha eit utdanningssystem som er tilpassa dette.

Kva skal ein med tre halvgode fagmiljø om amerikansk politikk når ein kan ha eitt i verdstoppen?

Det bør vera ei sjølvfølgje at ein student ved Høgskulen i Sogn og Fjordane eller Universitetet i Stavanger kan ta enkeltemne eller eit semester ved til dømes UiB som ein del av graden sin. Slik er det derimot ikkje i dag.

Det vert ofte sagt at næringslivet i Noreg ikkje kan konkurrera med internasjonale verksemder på mengde og kostnadar, men på kvalitet. Denne tanken bør me også ta med oss når me skal utvikla utdanningssystemet. Det er ingen grunn til at ikkje Noreg skal ha fagmiljø og på sikt institusjonar i verdstoppen. Sjølvsagt skal me ha breidde i norsk utdanning, men breidda bør ikkje hindra utviklinga av spissane våre.

Det er ingen grunn til at ikkje Noreg skal ha fagmiljø og på sikt institusjonar i verdstoppen

I den siste tida har regjeringa med statsråd Torbjørn Røe Isaksen og statssekretær Bjørn Haugstad i spissen varsla endringar i institusjonslandskapet. Dei har lagt ein S til omgrepet SAK - no er det SAKS, eller Samarbeid, arbeidsdeling, konsentrasjon og samanslåing som gjeld. Det er altså ein tøffare retorikk, endringar vil koma om institusjonane vil eller ikkje. For mange vert denne prosessen opplevd som svært tung og mange er usikre på om deira institusjon vil overleva denne runden. Det er eit tankegods som ein bør legga frå seg, her bør ein sjå moglegheitane og finna ut korleis ein kan bidra til å styrka sektoren.

Behov for å prioritere

Utdanningsinstitusjonar landet over må få i oppdrag å peika på kva fagmiljø dei ynskjer å verta best på, det bør også peikast på nokre fagmiljø i sektoren som ein ynskjer skal verta verdsleiande. Skal dette lukkast må desse kanskje løftast opp som nasjonale satsingsområder med spesiell finansiering. Skal ein lykkast med å nå verdstoppen må ein prioritere og dette vil kanskje gå på bekostning av noko anna. Det viktige er likevel at heilskapen vil verta styrka.

I eit ekstraordinært styremøte 19. juni oppretta ein 30 nye studieplassar på masternivå på Det Juridiske fakultet ved UiB. Tanken er at studentar med bachelorgrad i rettsvitenskap frå andre institusjonar skal søkja seg til desse plassane som vert ein del av fagmiljøet som allereie fins i Bergen. Dette er eit glimrande døme på at ein i sektoren må tenka meir heilskapleg og legga til rette for samarbeid, alternativt hadde det nok dukka opp ein ny mastergrad i rettsvitenskap ved ein anna institusjon.

I arbeidet med struktur og organisering i sektoren bør ein legga samarbeid og heilskapleg tenking til grunn. Då vil studentane få den kvaliteten dei fortener og sektoren det løftet den treng.