Til sjukehus etter brann

Ein mann måtte sendast til sjukehus med røykskadar etter brann i eit bustadhus i Høyanger sentrum søndag morgon. Politiet fekk melding om brannen klokka 06.40, og då hadde allereie ein mann i 30-åra greidd å berge seg ut av det brennande huset ved eiga hjelp.