Ridehestar brann inne

To ridehestar har etter alt å dømma brunne inne i ein løebrann på Økland på Stord seint laurdag kveld. Løa stod i full fyr på høgda ovanfor Øklandslio ved Rommetveit i 22.30-tida, og flammane kunne sjåast vide ikring.