Kong Sverre - legende og realitet

I dag, 9. mars år 2002, er det akkurat 800 år sidan birkebeinarkongen, Sverre Si-gurdsson, døydde i Bergen, ca. 51 år gammal. At denne mannen, som hadde stridd seg gjennom tallause små og større krigar mot småkongar og hovdingar i landet, li-kevel kunne døy, i fred og ro på sotteseng i Bergen, høyrer med til dei mange gåte-ne som står uløyste kring hans utrulege livskarriere, skriv tidlegare rektor Leif Vatle.