I dobbeltseng med Ullensvang

Det gjekk visst hardt føre seg då Ullensvang heradstyre for nokre veker sidan drøfta spørsmålet om å slå saman kommunane Jondal, Odda, Ullensvang og Kvinnherad. Mange i det taleføre heradstyret var tvilande til om ei samansmelting av desse kommunane vil ha noko for seg.