Fattig, armt eller ufatteleg rikt?

I det siste har det fleire gonger vorte kunngjort at dei fire vestlandsfylka har 20 prosent av folketalet i landet, men betaler inn 50 prosent av statsinntektene. Det skal ikkje rare reknekunsten til for å sjå at distriktet betaler mykje meir inn enn dei smulane ein får att frå fellesskapet.