Dei uskuldige døde

Preses i Den norske kyrkja, biskop Odd Bondevik, er som alle andre oppteken av dei uskuldige som misser livet under bombinga av Taliban-regimet i Afghanistan. Det gjer vondt kvar gong det blir nemnd. Opplysningane om dette kjem rett nok i hovudsak frå talibanske kjelder, og er lekk i den propagandakrigen som regimet fører i Europa og den muslimske verda mot USA, skriv forfattaren Ragnar Ulstein.