Båtblokade er avslutta

I føremiddag inngjekk det indiske reiarlaget og det indiske sjømannsforbundet ein tariffavtale for mannskapet på oksidbåten "Gem of Paradip". Avtalen inneber at dei indiske matrosane får auka hyra frå 70 til 1200 dollar månaden.