«Åpen post»

I BT 6. februar d.å. har Ole Danbolt eit innlegg vedkomande Eia & Co. sitt underhaldningsprogram i «Åpen Post». At dette var langt under pari finn eg ingen grunn til å tvila på, for eg såg eit innslag tidlegare, der dei same to var hos Marit Breivik, og hadde med seg ein hannhund som Eia på ymse vis fekk til å visa fram paringsinitiativ.