Dei har ulik partifarge, ulik dialekt. Elles er dei to duellantane som går opp på podiet, til forveksling like. Midt i 30-åra. Kort hår og skjegg. Mørk dress, men ikkje slips. Partinål på jakkeslaget og barnehageplass i Bergen sentrum.

Sist, men ikkje minst har begge same ambisjon. Å bli mektigast i by’n etter valet i september.