På stranda ved Bolstadfjorden står ein mann med langt, gråsvart hår, væpna til tennene med boge, kogger og pilar.

Det kunne ha vore ein god dag for eit tokt. For tusen år sidan ville mannskapet på vikingskipet hatt årene i sjøen no, ventande utolmodig på hovdingen sjølv.