Seks sexy siste liten-tips for sommarkroppen 2019

Slik kan du hale sommarkroppen i land i aller siste liten.

Publisert Publisert

KLAR: Både kroppen og sjela til Ingvild Nave er klar for sommaren. Foto: Adrian B. Søgnen / Bergens Tidende

  • Ingvild Nave
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

No er det endeleg på tide å avsløre sommarkroppen, og eg er som vanleg klar for å blende verda! Bokstaveleg talt.

Det kan du også med nokre få enkle grep. Her er seks sexy tips for korleis du kan skaffe deg #sk2019 (sommarkroppen 2019):

1. Overlev vinteren

Dette er det desidert viktigaste punktet for å oppnå sommarkroppen. Eigentleg så er det det einaste du må oppfylle.

Då kalenderen viste 1. juni sjekka eg om heile kroppen var intakt og om mine vitale kroppslege funksjonar framleis fungerte. Det gjorde dei. Dermed hadde eg fått meg ein sommarkropp. Ingenting er like sexy som å vere i live.

2. Gå deg vill

Dette er ein svært effektiv og spennande måte å kome seg i form på. Før du veit ordet av det har du gått dei 10.000 stega som er anbefalt kvar dag.

Om du går deg vill eit par gongar i veka sklir du plutseleg rett inn i fjorårets bikini eller badebukse. Førre veke gjekk eg meg så vill at eg til og med fekk gangsperre dagen etterpå.

Eit anna mosjonstips er å gløyme kor du har parkert bilen. Det tek fort timesvis å finne den igjen.

3. Kos deg

Mange aviser og blad skriv ekstremt detaljerte artiklar om korleis du skal bli veltrent til sommaren. Men i staden for å drive med skrå hantelpress og crunch over ball slår eg eit slag for å ha det kjekt når ein kan.

Ikkje misforstå, det er viktig å halde seg i form, men det er like viktig å kose seg sjølv om det ikkje finst like mange artiklar om det.

Det nest mest sexy etter å vere i live, er nemleg å ha det greitt med seg sjølv.

4. Solfaktor 50 for alltid

Om du vil behalde sommarkroppen din i mange år må du smørje den inn med solkrem. Viss ikkje kan huda di bli sjuk og få solskadar. Dette krev ingen førbuing utanom å kjøpe solkrem.

Det er betre å vere bleik og blid enn brun og sjuk. Eit par lag med solkrem for dag, gjer doktoren glad.

5. Et god mat

Tru det eller ei, men eg har ete mat kvar bidige dag sidan førre sommar. Det har vore heilt essensielt i mine elendige førebuingar til årets sommarkropp.

Problemet mitt er at eg lir av eit tungt pizza – og baconmisbruk. Eg elskar det, og har måtte ta meg litt i skinnet for å vere sunnare.

Eigentleg er det berre å finne noko sunt du vil ete, løfte det opp med gripefunksjonen vår, og putte det i munnen. Tygg godt og svelg.

6. Fake it ’til you make it

Dersom kroppen ikkje følast sommarleg i det heile tatt er det berre å dekorere deg i mål.

Sjå på sommaren som ei høgtid slik som jula, og less på med pynt og jugl der du finn plass. Litt spraytan på beina, ein is i handa og ein solhatt på toppen, så er du klar for strandlivet.

Det er ikkje så nøye med resten.

Lukke til!

Publisert

Mer fra BT magasinet

  1. BT MAGASINET

    Asbjørn og Hilborg var gift i 67 år. De døde med åtte dagers mellomrom.

  2. BT MAGASINET

    «Bli bergtatt du også»

  3. BT MAGASINET

    – Folk sier at har du først bodd i Sandviken, flytter du aldri herfra. Det gjelder for meg også.

  4. BT MAGASINET

    Her er milliardærkokken ved Bjorøy: – Det var visst det beste han hadde smakt

  5. BT MAGASINET

    Ungene var alene i en kano, ropte konen min. «Lite sannsynlig. De kan jo ikke svømme», svarte jeg. «Nettopp», sa hun.

  6. BT MAGASINET

    – Denne godt skjulte restauranten er Bergens kanskje vakreste uteservering

  1. Sommer