Forskar på farane som kan oppstå når breen smeltar

Ein skuter kryssar Folgefonna. Fram og attende, på kryss og på tvers. Dette er ingen leik. Det er forsking som skal avdekkje løyndomane under breen og farane som kan oppstå når isen smeltar.

FRAMLEIS MEKTIG: Brekanten like aust for Fonnabu. Folgefonna har gått jamt tilbake i dei seinare åra.

Publisert Publisert

– Når isen trekkjer seg tilbake, kan farlege situasjonar oppstå. Vatn kan bli oppdemt av is eller av morenemassar. Brear kan kalva ut i vatn og skapa flaumar, eller demningar kan bresta, og katastrofeflaumar kan oppstå. Millionar av liter med vatn vil då bli spylt nedover i landskapet. Vassmagasin kan bryta saman, bygder og grender kan bli råka. Vi kjenner til mange slike hendingar, også frå Folgefonna. Håpet er at forskingsprosjektet vil avdekkja skadepotensialet knytt til slike mogelege scenario.

Det seier Jostein Bakke, professor ved Institutt for geovitskap ved Universitetet i Bergen. Han er leiar for forskingslaget på seks som no har frakta utstyret opp på breen og installert seg på turlagshytta Fonnabu på vestsida av breen. Her skal dei vera i fem dagar.

I helikopter skal dei fyka opp til brekanten med alt utstyret sitt. Ei arbeidsveke skal dei bruka for å koma litt i djupna på breens løyndomar.

På sida av flokken, roleg observerande medan piloten og andrepiloten klargjer for det første hivet opp på Fonna, står Helge Buer. Han har budd innunder Fonna i heile sitt liv, ein av ei handfull som framleis bur her. Han har sett korleis det levande landskapet som isen representerer, har endra seg. Kanskje ikkje så mykje frå det eine året til det neste, men dramatisk over eit langt liv. I korte periodar har breen rykt fram. Samla sett har han trekt seg attende. No er tilbakegangen stabil.

SPENNANDE FORSKING: Professor Jostein Bakke leia gruppa med forskarar som i slutten av mars var ei veke på Fonna og undersøkte topografien under islaget. I bakgrunnen jobbar doktorgradsstudent Torgeir Hopeland Røthe og senioringeniør Eivind Strøm med teknologien.

Det er dette forskarane skal kartleggja. Eller, ikkje så mykje det som har skjedd, som det som kjem til å skje, det som kan koma til å skje. For det er gammal kunnskap at Folgefonna, til liks med andre fenner og brear i landet vårt, er i endring.

Den nye kunnskapen som forskarane skal prøva å tileigna seg, ligg gøymd under isen. Korleis ser det ut der nede? Kva topografi gøymer seg i djupna, og korleis kjem landskapsformene til å påverka liva til Helge Buer og alle andre som bur inntil breen, eller har interesser knytt til avrenninga frå breen?

Eit lite jubelrop blir slukt av våt vårsnø. Under den er det kanskje så mykje som 400 meter med is før vi treff på fast fjell. Jubelropet skuldast biletet som kjem opp på skjermen. Teknologien fungerer. Løyndomane som breen i 5000 år har halde på, skal fram i lyset. Når forskarane er ferdige med arbeidet sitt, skal dei kunna laga detaljerte kart over landskapet som vil møta våre etterkomarar når dei umakar seg opp i nasjonalparken.

MYKJE UTSTYR: Fire hiv måtte til for å få mannskap og utstyr opp på Folgefonna.

Om det går som klimaprognosane tilseier, vil det kvite då vera erstatta av grå granitt. Nut og botnar, dalføre og åsryggar, vatn, stup og kantar. Mykje meir av villskap og variasjon enn det relativt flate brelandskapet vi ser i dag, er i stand til å avsløra.

Det som blir avdekkja, kan ha avgjerande konsekvensar for korleis vi steller oss i dag og i morgon.

Ein frisk bris feiar over høgaste brekulen og skyt fart nedover mot bratte stup, der isen slår sprekkar. Små skoddedottar held framleis stand oppe på platået, men vårsola varmar, og snøen er våt og tung. På den eine sida er det lett å tenkja seg på ein dag som denne, at Fonna går ei uviss framtid i møte. På den andre er det vanskeleg å sjå for seg at 5000 år med oppsamla snø og is skal kunna bli borte i løpet av nokre få generasjonar.

– Vi kan ikkje vita eksakt kva som kjem til å skje med breen, eller kor raske endringane kjem til å bli. Det er avhengig av klimautviklinga framover, påpeikar Bakke.

GODE DATA: Moderne reiskap avdekkar mange av Fonnas løyndomar. Isen viser seg å vera mykje tjukkare enn forskarane til no har rekna med. Og landskapet under er svært alpint.

Folgefonna er Noregs tredje største isbre med eit samla (Nordre, Midtre og Søre Folgefonna) areal på meir enn 200 kvadratkilometer. Breen var på sitt største i 1750- og 1890-åra. Isen kan somme stader vera opptil 400 meter djup. Andre stader er han grunn. I aust, der helikopteret landa, har det dukka opp flekkar av fjell som ikkje var der på denne tida i fjor. Målingar lik dei som no blir gjennomførte på Sørfonna, er tidlegare blitt gjort på Nordfonna. Frå før er det gjort målingar også i ytterkantane av Sørfonna. Allereie er løyndomar under isen blitt avdekka.

– Eit ganske stort vatn er i ferd med å bli danna ved Breidablikbrea. Eit endå større vatn kjem til å bli danna aust for Fonnabu dersom utviklinga held fram som no, seier Jostein Bakke.

I tillegg veit han at det ligg ein djup dalbotn innover frå Bondhusbreen. Mest spent er han på korleis topografien ser ut under den sørlege delen av Sørfonna. Alt som blir gjort der, vil vera nybrotsarbeid.

VILLE VORE LANGT Å GÅ: Jostein Bakke går helst på ski på Fonna, men av omsyn til forskinga måtte han ta skuter til hjelp denne gongen.

Forskingsprosjektet er inne i sitt tredje og siste år. Det er støtta av Statkraft og Sunnhordland Kraftlag. For energiselskapa er det avgjerande kunnskap dei på denne måten er med og bidreg til. Fordi vatnet kan koma til å ta nye vegar når breen minkar. Skulle det vatnet som i dag renn mot vest og fyller magasina, plutseleg ta til å renna mot aust, vil det direkte tapet for kraftprodusentane måtta reknast i hundrevis av millionar kroner. Årleg.

Det er i deira interesse å finna ut så tidleg som mogeleg, kva som kan koma til å skje, og kor mykje vatn dei kan rekna med breen og brelandskapet vil generera i framtida. Berre på den måten kan tiltak setjast i verk for eventuelt å bøta på situasjonen.

Jostein Bakke svingar skuteren med stødig hand. Han lærte kunsten under studietida på Svalbard. Men på Fonna er han mest van med å gå på ski. Eller i taulag, med stegjern. Bakke var med på å skipa Folgefonni Breførarlag i 1994, der broren Åsmund i dag er dagleg leiar.

– Eg får eit stikk av dårleg samvit når eg køyrer skuter her oppe. På ski opplever du storleiken og distansane på ein heilt annan måte enn når du køyrer skuter, seier Bakke.

Dei skal køyra til saman 300 kilometer. Rutene er plotta på GPS. Forskarane skal kunna køyra sjølv om skodde eller snø skulle gi redusert sikt og stengja dei heilt inne.

TEKNOLOGI PÅ VEG: Folgefonna ligg kvit og urørt under oss. Snart skal landskapet ho har gøymt i 5000 år, avslørast.

Professor Bakke er oppvaksen i Jondal. Nærleiken til breen har vore avgjerande for hans yrkesval. Relasjonen hans til breen er ikkje berre kald og fagleg distansert, men også nær og emosjonell. Endå om han prøver å lura ut av breen mange av løyndomane han ber på, likar han å tenkja på breen som mystisk og gåtefull. Eit naturfenomen og ein landskapstype som vi kanskje aldri heilt skal forstå.

Eit blått band heng på slep bakom skuteren. 30 meter bak skuteren heng ein pulk med to koffertar oppi. 30 meter bakom der att, ein ny pulk med ein koffert oppi. Frå den eine pulken blir elektriske signal sendt ned gjennom isen. I den andre pulken er kofferten som tek imot signalet og tolkar det. Det er eit slags ekkolodd på is, og det er i prinsippet slik dei opererer, dei som leitar etter olje under havbotnen.

Når heile breen er kartlagd, og alle data er bearbeidd, vil forskarane kunna setja saman dei einskilde målingane til eit heilt og begripeleg bilete. Dette biletet vil i sin tur gi grunnlag for modellar som skal visa kor på breen det finst risiko for at kritiske situasjonar kan oppstå.

GRUNN TIL Å GLISA: Torgeir Hopeland Røthe (frå v.), Eivind Strøm og Jostein Bakke har studert bileta på skjermen og funne at teknologien fungerer nett slik han skal.

Sola fløymer godhjarta her i høgda, men nokre hundre meter under oss ligg skodda som bomull og gøymer landskapet, nett slik som breen gøymer sitt. Jostein Bakke og laget hans gler seg til å sjå det ingen før dei har sett. Han gir gass og blir borte der breen krummar seg.

Det er ein oppglødd forskar vi snakkar med ei god veke ut i april. Opphaldet på breen er over, mykje av materialet er analysert. Oppsiktsvekkjande ny kunnskap er innhenta, no må faktaboksen om Folgefonna reviderast.

– Det er ein veldig topografi under breen. Toppar, botnar og stup. Mykje meir komplisert enn eg hadde sett føre meg. Og aller mest overraskande: Breen som vi har trudd kunne vera inntil 400 meter djup, viser seg å vera nesten 50 prosent djupare. Litt sør for høgaste brekulen ligg eit dalføre. Her er det 580 meter med snø og is før du kjem til fast fjell, fortel Jostein Bakke.

Professoren gjorde også andre overraskande oppdagingar: Ved Austre og Vestre Blomstølskardsbre er breen 300 meter djup berre ein kilometer frå brefronten. Her fell landskapet mot nord. Midt på høgaste brekulen er han derimot svært grunn, berre rundt 50 meter.

Lenger nord, nord for Storekvelven, er han djup att. Rundt 250 meter.

– Veldig spennande – og overraskande. Og mykje meir topografi enn eg hadde trudd, seier Bakke.

– Er det slik at du skulle ønskja at breen fort blei borte, slik at du kunne sjå landskapet under med eigne augo?

– He, he. Nei, eg vil helst sleppa å sjå det, men di meir fascinerande er det at vi har teknologi som gjer oss i stand til å sjå det likevel.

Publisert