Ankelen hans knakk då Maurice Morkati (19) landa på betongen under det seks meter høge gjerdet. Først prøvde eit par-tre kameratar å hjelpe. Dei bar han nokre meter.

I det grensevaktene kom til syne, stakk dei av så fort dei kunne.