Espen Olsen flaug 20 meter gjennom lufta, og landa i asfalten med ansiktet først.

Det var ein ettermiddag i mars 1985 på Bømlo, og 11 år gamle Espen var ferdig med fotballtreninga. Han krasja med ein stor motorsykkel då han sykla heim.