BT Magasinet

– Båten vår er ein reketrålar frå 1956. Då eg og pappa fann han på finn.no, var det ingen tvil.

FOLK I VEST: Møt Kristian (20), Ingrid (16), Sigurd og Sverre (10) og Magnus (7) Herland.

– Eg er eldst i søskenflokken og kaptein om bord. Når heile familien er på båtferie, blir det ekstra godt samhald mellom oss, så eg treng ikkje vere streng. Men eg er absolutt sjefen, saman med mamma og pappa, sjølvsagt. Båten vår er ein reketrålar frå 1956. Då eg og pappa fann han på finn.no, var det ingen tvil. Båten er eit klenodium med god plass til alle. To brør fiska med trålaren frå han var ny til 2002. Den gamle skipsbibelen følgde med handelen. Han er velbrukt, med mange understrekingar i ulike fargar. Vi kjem frå Atløy i Askvoll, og det kjekkaste med desse turane er å kome inn til Bergen. Denne gongen skal vi ikkje på Akvariet. Det kostar 1430 kroner, og det er vi einige om er for mykje for oss.

widget-list