Kvit hjelm, kvit sykkel. Ole Didrik Lærum held stilen. Han peisar inn i sykkelfeltet på Nørrebrogade som ein vaskeekte københavnar i morgonrushet. Vossingen er på veg til ein ny arbeidsdag.

– Heldigvis spør ingen i Danmark om alder. Om helsa held, kan eg kan jobba til eg blir 81 år, seier Ole Didrik Lærum.