Han er ein sjøens mann, utdanna kystskipper. Fridykking har vore den store lidenskapen. Ingen i Noreg har utdanna og inspirert fleire fridykkarar enn han, ingen har fanga større fiskar.

No leikar han ikkje i sjøen som før. Til det kjenner han for mykje sut for det som skjer med havet.