Du vil ikkje tru kva eg oppdaga på skallen min

GOD HELG: Isaac Newton og eg har ting til felles.

Publisert Publisert

SØLVREV: Isaac Newton oppdaga tyngdekrafta, og blei grå i håret tidleg. ARTIST: James Thornhill

Eg var 28 år, sat i frisørstolen og ante fred og inga fare. Drakk god kaffi, følte meg dulla med og fin.

Plutseleg sa frisøren min, Beate: «Du. Har. Eit. Grått. Hår.»

Det var som å oppdage at det sto ein white walker frå Game of Thrones midt på skallen.

Eg sette kaffien i halsen, laga store auge i frisørspegelen og lét tyngdekrafta ta kontroll over haka.

Hadde ikkje Isaac Newton skjønt kva som skjedde då eplet datt i hovudet på han, hadde eg definitivt oppdaga gravitasjonskrafta i ein bergensk frisørstol i 2018.

Men eg var cirka 300 år for seint ute, og hadde berre det grå håret å vise til.

Les også

Seks sexy siste liten-tips for sommarkroppen 2019

Uansett, Beate lo høgt, eg frika ut. Sjølv om eg hadde visst at dagen ville kome, blir du ikkje mindre paff når den faktisk melder seg.

Det var på tide å ta pensjonssparinga meir seriøst. Eg burde kjøpe fond og investere i eigedom – førebu meg på livets haust. Eg følte meg som ein printer som heldt på å gå tom for blekk.

Dei neste dagane fortalde eg ei rekke vener om sjokkopplevinga i frisørstolen.

Det viste seg til mi store overrasking at det er heilt vanleg å ha eit par grå hår i slutten av 20-åra! Fleire av dei eg snakka med fekk sine første før dei var 22.

Eg skulle berre vere glad eg ikkje fekk grå manke av sjukdom eller finanskrise. Eller av å vere mann, for fleire sa noko à la «eg mista det meste av håret før det rakk å bli grått. Takk for den, pappa.»

Også Isaac Newton blei tidleg grå, truleg fordi han dreiv med ekstremt giftige eksperiment, der han veiva rundt med kvikksølv og bly.

I 1979 målte forskarane Spargo og Pounds mengdene av gift i håret hans, fordi dei mistenkte at dei livsfarlege eksperimenta hadde gjort han gal. Det viste seg at han hadde 14 gongar meir kvikksølv i hårstråa enn normalt.

Kvikksølvet gjorde han truleg til sølvrev.

Les også

Denne går ut til alle med vinterbleike sommarkroppar

Til 29-års dagen min fekk eg nok ei gåve frå genetikken. Endå eit hår i platinum, som eg har byrja å kalle det.

Først var eg glad fordi eg framleis hadde hår på hovudet mitt, og ikkje var forgifta. Deretter tok eg i mot håret som ein sølvmedalje frå kroppen min, som premie for å ha klart å leve så lenge.

Dessutan har eg sikkert over 100.000 hår på hovudet, så kva er problemet?

Truleg er det at eg er vaksen opp i ein populærkultur der det å vere ung liksom er alt. Botox og restylane skal inn i kvar ein sprekk. Håret skal fargast. Det du ikkje kan trene vekk, kan du alltids få operert vekk.

Eigentleg er dei nye håra mine ganske stilige, og eg kjenner meg klok.

No er eg spent på å oppdage endå meir av kva tyngdekrafta kan gjere.

Publisert

Les mer om dette temaet