Med store, krokete horn som truleg kunne stonga det største trollet uti fossen, vandrar dei majestetisk langs Fylkesveg 55. Ein flokk stolte, frie geiter, som går ute heile året utan at nokon passar på dei.

Fridomselskarane stammar frå ein utbrytarflokk på Kvist i Balestrand kommune. På slutten av dei harde 1930-åra frigjorde geitegjengen seg frå fjøset, og tok til å gå ute heile året. Høgt til fjells på saftige fjellbeite om sommaren, nede ved Sognefjorden vinter og vår.