I Gunnhild Øyehaugs 2050 har Bergen fått sin egen skyfabrikk som lagar skyer i tablettform

Oia er på veg gjennom magnoliaskogen på Torgalmenningen. Ja, ho heiter faktisk Oia, det er nemleg slik, tretti år fram i tid, at folk heiter veldig korte namn. All språkutvikling går mot økonomisering, slik også med namn. Dersom ho hadde vore fødd for berre førti år sidan, hadde ho nok heitt Orelia eller Ofelia eller Olina, men dette blei forkorta til Oia. Oia har dårleg tid, skal ho klare å nå Ka (truleg kort for Karsten) når han svingar inn frå venstre for å gå inn på skyfabrikken der dei begge arbeider.

Bakgrunnsmusikken idet vi rører oss gjennom den tette magnoliaskogen på Torgalmenningen rett bak Oia som småspring nedover mot Vågen, er nett slik vi ville ha tenkt at all bakgrunnsmusikk ville vere i ein slik magnoliaskog si framtidige blømingstid: like mystisk som magnoliatreet sjølv, der det bladlaust byr på beint ut sagt hysterisk vakre blomar. Det som er veldig heldig for oss, er at denne bakgrunnsmusikken faktisk er i landskapet, det er ikkje noko vi treng å står her inne i bokstavane og hjelpelaust prøve å legge oppå, slik vi kunne ha gjort dersom dette var ein film, men dette er ei novelle og noveller er, reint fysisk, like stille som magnoliaskogar. Men her, når ein rører seg inn i skogen som før i tida var ein betongkledd, open plass, men som no er eit mjukt grasteppe med gamle magnoliatre som står så tett at dei lagar ein rosa skog, siv musikken ut av små høgtalarar plassert på lure stader så ein ikkje kan sjå dei, slik at det verkar som om det er magnoliane sjølve som nynnar, omtrent slik det før var å kome inn i parkeringshuset med utgang mot Torgalmenningen, der ein av og til kunne bli rørt til tårer av den litt sfæriske englesongen som strøymde ut av betongveggane idet ein gjekk mot den støvete bilen sin.

Du har nå lest dine gratis artikler denne uken. Bli abonnent for å lese videre.

Mer fra BT magasinet

  1. BT MAGASINET

    Midt på natta fekk Renate melding: Er du redd for å få sparken?

  2. BT MAGASINET

    Dei gleda seg til faren skulle kome heim. Så blei han smitta av korona på sjukehuset.

  3. BT MAGASINET

    Sønnen deres ble skutt av politiet. Nå forteller de om Morten.

  4. BT MAGASINET

    – Det er mørkt og kaldt her. Men varmen jeg blir møtt med, er som solskinn.

  5. BT MAGASINET

    Hvem er unge og lovende? Nå kan du sende inn forslag.

  6. BT MAGASINET

    «Jeg var ung og fantasirik og trodde på dette vrøvlet. Frykten inntok meg.»