Andreas Wollnick Wiese. Du skal smatta lenge på namnet før det smakar bonde, men her står han i rutete flanellsskjorte, drygt 1000 meter over havet, med føtene planta i geiteskit.

42-åringen frå Kalfaret er bonde på sjuande året, viss på at han har funne sin plass i livet: Å laga mat, å pleia kulturlandskapet, å nytta ressursane på garden, å syta for berekraft og livslyst og optimisme i den norske utkanten.