Landet i skuggen av Bergen

Folk i Sogn og Fjordane lever lengst, går minst ledige, og har blant dei flinkaste ungane i landet. Så kvifor flyttar folk vekk?

Foto: Øivind Hovland

  • Kjersti Mjør
  • Hanne Marie Lenth Solbø (foto)
  • Øivind Hovland (illustrasjon)
Publisert Publisert

Eit lite stykke Sogn og Fjordane står og hutrar i borteskuret på Nygårdsmyren på Laksevåg.

Dei kallar seg Tornado Bergen, men har ikkje ein einaste bergensar på laget.

Alle spelarane er frå Sogn og Fjordane, fortrinnsvis Vågsøy. Til og med sponsorane er frå Sogn og Fjordane. Femtedivisjonslaget er ein filial av Tornado Måløy.

– Det er ein måte å oppretthalde identiteten og samhaldet heimanfrå, seier Håvard Bakke Tennebø, spelande styreformann.

FELLES EKSIL: – Å vedlikehalde venskap og lokalpatriotisme kan gjere det enklare å flytte heim att, seier Håvard Bakke Tennebø (i midten) på treninga til Tornado Måløy FK. Her med brørne Erlend (til høgre) og Gaute Vassbotten frå Florø.

Fotballspelarane kjem frå annleisfylket, avviksfylket, unntaksfylket. Sogn og Fjordane ligg ofte lengst ute på skalaen.

Ingen lever lengre, gjer det betre på skulen eller skriv meir nynorsk. Arbeidsløysa er uvanleg låg. Kriminaliteten, også.

Fråfallet i vidaregåande er lågare, drikkevatnet betre og inntektsforskjellane mindre. Rett utanfor stovedøra har fjogningane mektig, urørt vestlandsnatur – og altfor god plass.

Ingen fylke har hatt lågare folketalsvekst etter 1850 enn Sogn og Fjordane. Flyttestraumen går ein veg.

Ut av trivselsfylket.

FILIAL: Tornado er Måløys fotballlag. Tornado Bergen er den lokale filialen for utflytta fjordingar.

Ei gruppe historikarar har dei siste fire åra jobba med ei fylkessoge for Sogn og Fjordane – frå isen trekte seg tilbake for 10.000 år sidan og fram til i dag. Forskarane har prøvd å stille ein diagnose på fylket:

Korleis forklare dei mange særtrekka? Er det ein samanheng?

Neste veke blir «Soga om Sogn og Fjordane» lansert på fylkestinget i Florø. Det skjer i ellevte time. Om få år smeltar Sogn og Fjordane saman med Hordaland til eitt regionalt rike, med Bergen som navle.

I Hordaland blir samanslåinga møtt med eit skuldertrekk. I Sogn og Fjordane har motstanden mot å bli del av eit nær seks gonger større politisk fellesskap, rekna i folketal, vore sterk. Ei frykt for å bli oppeten av storebror i sør og miste viktige funksjonar og institusjonar til Bergen. Ei frykt for at kjøtvekta skal rå.

Men historisk sett er det som er i ferd med å skje no, slett ingen ny situasjon, kjem det fram i den nye fylkessoga.

Nedturen til Sogn og Fjordane tok til for tusen år sidan. Samtidig starta, ikkje tilfeldig, oppturen til Bergen.

– Sogn og Fjordane har lege i slagskuggen til Bergen sidan mellomalderen, seier Ole Svein Stugu, NTNU-professor og redaktør for firebandsverket.

FJORD I SOGN: På veg ned frå Vikafjell opnar det vidgjetne fjordlandskapet i Sogn seg.

Ein gong var området som sidan 1919 har vore kjent som Sogn og Fjordane, sjølve midtpunktet på Vestlandet. I vikingtida var området strategisk plassert. I tidleg mellomalder låg erkebispesetet på Selja i Nordfjord, og Gulatinget, forløparen til rikssamlinga, i Ytre Sogn.

Så vart kjøpstaden Bergen etablert. Byen vaks og vaks, og bygde seg opp som nordeuropeisk storby. Tyngdepunktet på Vestlandet skifta. Det var sentralisering i mellomalderen òg. På 1100–1200-talet flytta både bispesete og Gulating til Bergen.

– Der byrjar historia om Bergen og Sogn og Fjordane. Bergen vart ein stor by, og har halde fram med å vere byen for Vestlandet. Det er nesten umogeleg å tenkje seg Sogn og Fjordane utan Bergen, seier Oddmund Løkensgard Hoel, historikar og prosjektleiar for fylkessoga.

Sogn og Fjordane fekk ein meir og meir perifer posisjon. Først i 1860 fekk fylket sin første by. Sildefisket skapte aktivitet i den vesle ladestaden Florø i ytre Sunnfjord. Men byen var så liten at han knapt hadde folk nok til eit bystyre, og vart styrt av nabokommunen Kinn dei første åra.

Stavanger, Haugesund og Ålesund bygde seg opp som viktige kystbyar utover 1800-talet. Ikkje Florø.

– Utgangspunktet var så utruleg dårleg! I 1875 budde det knapt 500 menneske i Florø og 4400 i Haugesund. Florø var berre ein liten dert. Veksten kjem i byane som allereie er størst, seier Hoel.

Dampskipa sikra kontakt mellom bygdene, og ikkje minst transport til Bergen, den viktigaste marknaden for jordbruksvarene frå Sogn og Fjordane.

I vår tid bind vegen, ikkje fjorden, fylket saman. E39 vart ikkje lagt innom Florø. Byen som i over hundre år var fylkets einaste, kom i bakevja.

Som nordfjording har eg alltid snakka om Bergen som byen. Sjølv om vi hadde ein by i Florø, seier Yngve Flo, forskar ved UNi Research Rokkansenteret.

Då oljeeventyret starta, var ingen av stadene langs kysten av Sogn og Fjordane store nok til å konkurrere om tunge basar og arbeidsplassar.

– Sogn og Fjordane fekk aldri storbyveksten og heller ikkje storbyproblema. Sett på spissen er det derfor fylket scorar så høgt på ulike velferdsmål, seier Stugu.

BUFASTE: Då ho skulle studere i Bergen, vart han med. No er sunnfjordingane Liv Kristine Heggheim og Kjetil Grov Lund etablert i Godvik med barna Herman og Johanna.

– Det balla på seg. Vi er blitt buande i Bergen, seier Liv Kristin Heggheim.

Frå stoveglaset har 32-åringen frå Sogn og Fjordane utsikt til innsiglinga til Bergen. For snart ti år sidan flytta ho frå Førde for å studere ved Universitetet. Sambuaren Kjetil Grov Lunde (34) vart med på lasset.

I Bergen kjøpte paret si første leilegheit. I Bergen kom dei to barna kom til verda. I Bergen bur dei gamle venene frå Sunnfjord.

– Det kryr av sunnfjordingar her! Dei fleste eg gjekk på vidaregåande i Førde med, bur her. Eg trudde fleire ville flytte heim att når dei fekk barn, men dei er blitt verande. Dei er vel som oss. Dei gror fast, seier Heggheim.

Så langt har paret ingen planar om å flytte tilbake til det dei alltid har kalla «heime».

– Eg synest det urbane er ganske digg. Men eg veit ikkje om eg nokon gong blir Brann-supporter, kjem det frå han.

– Vi er jo sunnfjordingar, legg ho forklarande til.

Årdal, Lærdal, Sogndal, Førde, Eid. I etterkrigstida utvikla Sogn og Fjordane seg til eit fylke av tettstader og bygdebyar. Folk flytta frå gardsbruk til byggjefelt for å kome nærare arbeidsplassar i skulevesen, helse- og sosialetaten, industrien og ikkje minst kommunal og fylkeskommunal administrasjon.

Størst i dag er Førde, som med 13.000 innbyggjarar er den mest folkerike kommunen.

– Same kva som skjer i Bergen, så veks Bergen. Men når det har kome noko nytt i Sogn og Fjordane, som fiskeri, industri, institusjonar eller nye kommunikasjonsmønster, har det heile tida dukka opp nye tettstader, utan at det har blitt til noko særleg. Byvekst og urbanisering er sjølvforsterkande, seier Hoel.

– Har storbymangelen vore fatal for fylket?

– Fatalt på den måten at folketalsauken har vore låg, og at det ikkje har funnest byar med sterke kapitalmiljø. Men ser ein på det statistikkane fortel om gode levekår og lukkelege folk, er liva til innbyggjarane og lokalsamfunna i fylket veldig langt frå å vere fatale.

I UTKANTEN: – Når du bur i Sogn og Fjordane, kjenner du deg i utgangspunktet litt i utkanten av verda, seier Ottar Wiik.

Folkje her i detta fylkje` e so og seia lytefritt.

Du kan berre sjå i statistikkjen, dar står da skrive, svart på kvitt!

Her e so og seia ikkje kriminalitet,

og når me lyg og stel, so gjer me da med vet!

Fø da står i statistikkjen, og då må da vera sant

ja, da står i statistikkjen, so då må da vera sant!

Mannen som står på kaien på Vikøyri i Vik, har utsikt til fjord og fjell så langt auga ser. Snart er det 40 år sidan Ottar Wiik melde overgang frå Hordaland, og parkerte hjarta sitt i Sogn og Fjordane.

Han er det næraste du kjem ein fylkesskald. I det sjølvvalde eksilet har Wiik dikta om kvardagsliv i fjogningland; om regn og rundballar, heimfødingar og avvikarar.

«Statistikkvise» har vore ein gjengangar på NRK Sogn og Fjordane, det einaste fylkesdekkjande mediet. Ein annan Wiik-klassikar, «Sogn og Fjordane», vart kåra til fylkessong av radiolyttarane etter samanslåingsvedtaket i juni i år.

– Eg har prøvd å bidra til å styrkje sjølvkjensla til oss som bur her. Det trengst. Når du bur i Sogn og Fjordane, kjenner du deg i utgangspunktet litt i utkanten av verda, seier Wiik.

AKTUELT INNSPEL: Sogn og Fjordane skal gå inn i kompaniskap med Hordaland. Det som blir møtt med skuldertrekk i Hordaland, er ei kampsak i Sogn og Fjordane. Foto: Arkiv

– Blir kjensla forsterka i eit storfylke?

– Ja, den einaste vinnaren eg kan sjå, er Bergen. Ein fin og triveleg by, men høg på seg sjølv og ikkje kjend for særleg omsorg for omlandet sitt. Dessutan blir sentrale styringsorgan i Oslo kvitt eit distriktspolitisk «gnagsår» som Sogn og Fjordane. Men for denne regionen blir det eit tilbakeslag. På mange vis blir vi sette tilbake til 1763, då Bergenhus Amt vart delt i to. Det rette namnet på storfylket vil vere Bergenhus.

– Ingen positive sider?

– Kanskje. Når Hordaland og Sogn og Fjordane skal bli eitt fylke, vil forhåpentleg presset for ein tunnel under Vikafjellet bli større. Frå hausten til langt over påske er det vanskeleg å planleggje ei reise for oss i Vik. Ofte må vi køyre ein tre timar lang omveg.

Ut frå den årlege basaren til pensjonistlaget i Balestrand, går eit gråhåra tog. Den eldste loddkjøparen, 87-åringen Else Lønne Nesse, satsa hundrevis av kroner, men kjem tomhendt ut.

Ho har budd på Nessane heile livet. No er bygda i ferd med å bli tømt.

NEDBYGD: Både skulen og barnehagen er nedlagt i heimbygda til Else Lønne Nesse. – Forferdeleg trasig, seier 87-åringen.

– Vi har mista skulen. Barnehagen er nedlagt. Vi har ingenting igjen. Ingen unge vil slå seg ned då. Det er forferdeleg trasig, seier Nesse.

– Kor blir dei unge av?

– Mange reiser til Bergen for å gå på skule. Så blir dei buande. Det er ikkje arbeid til dei her.

Sjølv har ho tre barnebarn i Bergen.

Dette er også ein del av statistikken i grisgrendtfylket. Ungdom og småbarnsfamiliar reiser ut. Altfor få kjem tilbake. Dei gamle er igjen.

Også i Balestrand er flyttetapet stort. Kommunen har i underkant av 1300 innbyggjarar. Mange, som Nesse, er i den aller eldste aldersgruppa.

Samtidig går talet på barn under to år veldig ned, ifølgje det nye historieverket. Ei urovekkjande utvikling som truleg kan forklarast med nettopp den store utflyttinga. Relativt høge fødselstal kompenserer ikkje lenger for at så få kvinner er i fruktbar alder.

Biletet er ikkje heilsvart. I fjor hadde Sogn og Fjordane den beste nettoinnflyttinga på mange år. 654 fleire flytta til fylket enn frå. Hovudårsaka er auka innvandring. I Sagatun barnehage er halvparten av dei 47 ungane minoritetsspråklege. Styrar Heidi Johnsen prisar seg lukkeleg over dei nye barna i Balestrand.

– Utan dei hadde eg ikkje hatt jobb! Då hadde vi berre hatt 24 barn. Ei så lita barnehageavdeling treng ikkje styrar, seier ho.

SOGNING: Takk og pris for Max Hellenes! Toåringen høyrer til ei minkande aldersgruppe i Sogn og Fjordane.

Då Sogn og Fjordane vart oppretta for vel 250 år sidan, skjedde det nokså tilfeldig, temmeleg overraskande og i ekspressfart, ifølgje «Soga om Sogn og Fjordane».

Namnet på nyskapinga vart Nordre Bergenhus Amt.

Fint lite batt futedøma Sogn, Sunnfjord og Nordfjord saman den gongen, bortsett frå at alle tre vart styrte frå Bergen. Opp gjennom hundreåra har det ikkje skorta på indre kamp og konfliktar: Sunnfjording mot sogning, futedøme mot futedøme, ytre mot indre, nord mot sør. Konfliktlinjene har følgt geografien. Geografien har trumfa partipolitikken.

– Sogn og Fjordane har ingen senter som er sterke nok til å utmanøvrere dei andre åleine. Dermed får vi dei skiftande alliansane, den politiske kjøpslåinga – og politiske vedtak som i praksis handlar om å smøre tynt utover i staden for å konsentrere ressursane, forklarar forskaren Yngve Flo.

– I mange år prega striden om sjukehusstrukturen fylket, heilt til staten overtok ansvaret for sjukehusa i 2002. Det blir spennande å sjå om fastlåste konfliktar blir lettare å løyse i ein større fellesskap.

Har sogningar, sunnfjordingar og nordfjordingar likevel ein overskridande identitet etter fleire hundre år innanfor same fylkesgrense?

Finst fjogningen?

BORTE-HEIME: Alle spelarane på Tornado Bergen er frå Sogn og Fjordane.

Når Håvard Bakke Tennebø får spørsmål om kor han er frå, svarar han:

– Måløy.

– Og når folk spør om kor Måløy er?

– Nordfjord.

– Og om kor Nordfjord er?

– Då svarar eg rett sør om Stadt.

Sogn og Fjordane-identiteten kjem altså eit godt stykke ned på lista til nordfjordingen.

– Patriotismen er nok meir lokal, seier Tennebø.

Likevel, folk i Sogn og Fjordane sit i same båt. Historikarane meiner at det er mogeleg å få auge på ein fylkessidentitet.

Fordi regionen mangla ein større by som maktsentrum, tok fylkeskommunen større ansvar for å utvikle regionen.

Lite utvikling vart forsøkt kompensert med sterkare offentleg engasjement og organisering. Det fremste dømet er Nordre Bergenhus Amts Dampskipe, seinare Fylkesbaatane og deretter Fjord1, som frå 1858 utvikla eit stadig meir finmaska rutenett.

Å sikre arbeidsplassar har også gitt fylkesnivået sterk, folkeleg legitimitet. Leikanger er eit handfast døme. Ingen norsk kommune har fleire statlege byråkratar pr. innbyggjar. «Byråkratbygda» med vel 2200 innfødde har nær 700 offentlege arbeidsplassar.

Sterke krefter i fylket har også sørgd for fleire høgskulemiljø i Sogn og Fjordane.

– Fylkesinstitusjonane har fylt tomrommet etter ein by og blitt ei viktig motmakt mot Bergen, seier Hoel.

Bergen. Magneten i sør har i mange hundre år trekt sognogfjordingar til seg.

– Vi ser det over heile kloden. Folk vil bu i by. Byar har attraktive jobbar. Byar er attraktive samfunn å bu i. Meir mystisk er det ikkje. Færre vil bu i Sogn og Fjordane, det mest rurale fylket i landet. Det er vanskeleg å forstå for oss som bur her, legg Hoel til.

SKALD: Ottar Wiik er det næraste du kjem ein fylkesskald i Sogn og Fjordane.

Mannen på kaien på Vikøyri er lei den anklagande peikefingeren mot fylket:

«Ha, ingen vil bu der!».

Ottar Wiik kjem med ein motpåstand.

– Sogn og Fjordane er ei suksesshistorie. Det er både fantastisk og naturstridig at det bur så masse folk i fylket!

– Fantastisk og naturstridig at ikkje alle er reist?

– Ja. Det er mot normalt. Tunge krefter tilseier at fylket skulle vore tomt.

Publisert

Les også

  1. Absolutt fjogning

    Eit fylke – tre folkeferd. Bli med gjennom Sogn og Fjordane – særs på skrått.
  2. Storebror et deg

    Over 250 år etter at Sogn og Fjordane frigjorde seg frå Bergenhus Amt, fryktar mange at fylket er i ferd med å rykkje tilbake til start.
  3. Historia om Moods of Norway i 14 bilete

    Traktorar, glorete dressar, C-kjendisar, milliardomsetning og vaflar. Moods of Norway er historie etter 14 år i…
  4. Folk for fjorden

    Dei hadde knapt gjort ugagn før, men blei lovbrytarar for fjell og fjord. Neste veke må aksjonistane i retten.

Mer fra BT magasinet

  1. BT MAGASINET

    Mie (68) flyttet fra vennene og livet i Bergen. Alt for å være nær barnebarna.

  2. BT MAGASINET

    For 131 år siden var det et luksushotell. Et samboerpar på jobbjakt har lagt store planer.

  3. BT MAGASINET

    Tom drømte om å bo i byen. Tilfeldigvis fant han noen som ville bytte hus med ham.

  4. BT MAGASINET

    26 ting denne våren som Christian ikke så komme

  5. BT MAGASINET

    To måneder skiller Knut og Mathias. Slik fant mødrene ut at de var brødre.

  6. BT MAGASINET

    Dette stedet får full pott av BTs matanmelder

Mest lest

  1. Nyheter direkte

  2. Siste nytt om korona

  3. Kamelen nekter for ran: – Du har tatt ut tiltale. Det er ikke min jobb å gjøre jobben din enklere.

  4. Fra mandag har barnehagene i Bergen normal åpningstid

  1. Sogn og Fjordane
  2. Bergen
  3. Hordaland
  4. Urbanisering
  5. Sentralisering