Auga blir forandra. Kroppen blir slapp. Beina mister masse. DNA’et endrar seg.

Astronaut kan virke som eit forlokkande yrke, men kroppen din er ueinig.

TUR: Astronauten Anne McClain på romtur utanfor ISS i mars i år. Foto: Nasa

Publisert Publisert

Det kan godt hende at Neil Armstrong uansett hadde blitt utvald som førstemann på månen.

Men hadde Armstrong og Buzz Aldrin sendt søknad om å bli astronautar i dag, skulle dei visst at det er radikalt annleis å bli romfararar no enn kva som var tilfellet for 50 år sidan.

20. juli er det nøyaktig 50 år sidan Armstrong og Aldrin landa på måneoverflata, kanskje den mest ikoniske hendinga i heile førre århundre.

Mens ferda til Apollo 11 varte ei god veke tur/retur jorda, er dagens romferder meir som maraton å rekne. Eit opphald på ISS, den internasjonale romstasjonen, varer typisk seks månadar. Nokre har vore der meir enn eit år samanhengande.

Det er einsformige dagar.

ISS: Den internasjonale romstasjonen fotografert i hausten 2018 av astronautar og kosmonautar som skulle heim etter 197 dagar i rommet. Foto: Nasa/Reuters/NTB Scanpix

– Dei same omgjevnadane, isolasjon, dårleg luft, konstant during. Du lever tett på alle, i lang tid, og du skal samarbeide godt med dei. Det er heilt vesentleg å kunne handtere å keie seg, seier Gro Mjeldheim Sandal.

Professoren ved Universitetet i Bergen er blant verdas fremste forskarar på psykologiske utfordringar for romfararar.

Amerikanske Scott Kelly og russiske Mikhail Kornienko markerer 300 dagar om bord på ISS i 2016. Foto: Nasa/Reuters/NTB Scanpix

Reint teknisk er det størst risiko for at noko skal gå gale ved avgang og ankomst jorda. Men når mennesket ein gong reiser til Mars, vil truleg keisemd på den lange vegen bort vere den største stressfaktoren, trur UiB-professoren. Det er ubehageleg å keie seg. Du blir uoppmerksam. Reaksjonstida kan gå opp, noko som lett kan bli fatalt på ein stad du må reagere lynkjapt og halde hovudet kaldt.

I tillegg er ekstrem isolasjon, einsemd og farar store, psykologisk belastningar.

Det er ikkje for ingenting at astronautar har dataspel, foto, sjakk, skriving, trening og andre sideprosjekt å halde på med. Alt for å halde seg i gang.

– Britiske Tim Peake trente til maraton, for å springe London Marathon i rommet parallelt med løpet på jorda, seier Sandal.

Og apropos trening: To timar kvar dag bør romfararen trene, på grunn av mangelen på gravitasjonskrefter. Allereie når du og eg står opp om morgonen her på jord, får musklane bryne seg på tyngdekrafta.

Du tenkjer neppe på det som trening, men du skal vite at det er godt for deg.

Alternativet er eit raskt fysisk forfall. Ifølgje Nasa mistar beina over ein prosent av massen sin, kvar månad.

Det blir sagt at utan trening vil ein 40-åring, etter berre få månadar på ISS, kome tilbake med kroppen til ein 80-åring.

Endringar i beinmassen er berre ein av tinga som skjer. Auga endrar seg i rommet. Mangel på tyngdekraft gjer at kroppsvæsker like lett flyt oppover i kroppen. Det kan føre til trykk og synsproblem.

I tillegg endrar DNA’et ditt seg. Hos astronauten Scott Kelly byrja 1400 av genane hans å oppføre seg annleis gjennom over eit år på ISS.

BRØDRE: Scott Kelly (til v.) og tvillingbroren Mark blei forska på for å sjå korleis identisk genmateriale forandra seg i rommet. Foto: Pat Sullivan/AP/NTB Scanpix

Kelly var eit vandrande medisinsk eksperiment: Gjennom å samanlikne hans tilstand etter eit år i rommet med den jordfaste tvillingbroren Mark, også han astronaut, kunne forskarane sjå endringane på nært hald.

Med nokre unntak, klarte kroppen til Kelly å vende tilbake til sin opphavlege tilstand etter opphaldet.

I 2009 var UiB-professor Sandal med på å velje ut fire astronautar for den europeiske romfartsorganisasjonen Esa. Då var 8500 søknadar allereie redusert til 70–80 kandidatar.

– Når du sit igjen med ei så selektert gruppe, då er det små, små, små forskjellar. Og dei aller fleste av desse var godt kvalifisert, seier Sandal.

Eit triks for å sikre harmoni, er at den sosiale strukturen blant romfararane bør følgje den formelle. Leiaren bør også vere den sosialt mest dominante. Løysing av konfliktar og sikring av samhaldet om bord, er viktige delar av opplæringa.

KASAKHSTAN: Utskytingane føregår frå Baikonur kosmodrom i Kasakhstan. I mars i år blei russiske Aleksej Ovchinin og amerikanske Nick Hague og Christina Koch sendt til ISS. Foto: Shamil Zhumatov/Reuters/NTB Scanpix

Romfartsstormakta Russland har vore landet som historisk har sett det psykologiske aspektet høgst, ifølgje UiB-professoren. På 1990-talet jobba ho i Russland saman med han som valde ut Jurij Gagarin, i 1961 den første mannen i verdsrommet.

Der USA vanlegvis brukte testpilotar – typisk individualistar med stort konkurranseinstinkt – var russarane meir opptatt av at mannskapet skulle fungere saman.

Det blir sagt at om to medlemmar av eit mannskap ikkje gjekk i hop, fekk ingen av dei reise.

– Hos amerikanarane blei astronautane definerte som the right stuff. Dei hadde militær bakgrunn. Og Nasa var bekymra for at om dei byrja å stille spørsmål ved det psykologiske, ville det påverke løyvingane til romprogramma.

ROMVANDRING: Kosmonauten Oleg Kononenko utanfor ISS i 2018. Foto: Nasa/Reuters/NTB Scanpix

Sandal har leia studiar av mannskap på ISS. Og ho har forska på folk som i 520 dagar simulerte at dei var på romferd, trygt plassert på jorda.

– Eg trur ikkje vi har eit endeleg svar på kor lenge det er forsvarleg å vere ute. Forskarar har lurt på det sidan starten av romfarten.

Søvn er ein nøkkelfaktor for kor godt folk har det om bord. I bane rundt den internasjonale romstasjonen er det 45 minutt mellom sola står opp og går ned. Dermed står sola opp 16 gongar dagleg, og forstyrrar både hormonproduksjon og alt anna i kroppen som lar seg styre av lyset.

STRAUMPROBLEM: Den britiske astronauten Tim Peake British på si første romvandring på ISS, tilbake i januar 2015. Han skulle fikse eit problem med straumforsyninga. Foto: Nasa/Reuters/NTB Scanpix

Sovepillar er den mest brukte medisinen om bord.

– Folk reagerer ulikt. Studiane våre har vist at dei som strevar mest med søvn i byrjinga, også fungerer psykologisk svakast over tid, seier Sandal.

I dag er dei fleste oppdrag i rommet sett saman av astronautar frå ulike land.

37 nasjonalitetar har til no vore på tur i rommet.

Kulturforskjellar kan skape uro. Russiske kosmonautar har jamleg meint at dei amerikanske astronautane har vore primadonnaer ute etter berømmelse, mens dei sjølve har vektlagt å fungere som kollektiv.

Av dei oppimot 600 som har vore i verdsrommet, er vel 60 kvinner.

– Og haldningar mellom menn og kvinner har vore utfordrande. I ei simulering var nokre – eg vil ikkje nemne land – veldig opptatte av å beskytte det eine kvinnelege besetningsmedlemmen, og det var også fysiske tilnærmingar mot ho. Ho sjølv sette lite pris på det. Andre i besetninga syntest det var uhøyrd, seier Sandal.

Publisert