– Då skal dei få sjå at morfar er ein kløppar på ski

Folk i Vest: Møt Signe (5) og Alva (3) Klever og Jarle Sønnesyn (61).

– Kvar torsdag køyrer mormor til Arna og hentar dei to barnebarna våre, Signe og Alva, til huset vårt i Bergen sentrum. Då er det fast liggebesøk til fredag. Frå fyrste sekund blir det eit heilt anna liv i huset enn når kona mi, Kari, og eg går og subbar aleine. Eg gler meg til kvar torsdag, til humøret deira, smila og latteren. Eg gler meg til å lesa for dei når dei skal sova. Å få vera i lag med jentene og følgja med på utviklinga er veldig fint. Av og til går me til symjehallen ADO Arena. Eg er dårleg til å symja, medan jentene er gode både over og under vatn. Men det eg gler meg mest til, er å ta dei to med til huset vårt i Hafslo i Sogn og introdusera dei for naturen der. Helst skal det vera snø, for då skal dei få sjå at morfar er ein kløppar på ski.

Du har nå lest dine gratis artikler denne uken. Bli abonnent for å lese videre.

Mer fra BT magasinet

  1. BT MAGASINET

    – Gjennom brevene ble vi kjent med hverandre. Vi hadde felles skjebne.

  2. BT MAGASINET

    – Jeg begynte å danse i hemmelighet

  3. BT MAGASINET

    Konrad (17) skulle ta et siste stup. Det endret livet hans for alltid.

  4. BT MAGASINET

    Barn med Julias lidelse blir sjelden voksne. Håpet lever etter en reise til Polen.

  5. BT MAGASINET

    Den engelske mutanten herjet verst med de unge i Ulvik

  6. BT MAGASINET

    – Håpet er at sønnen min også skal bli glad i denne stilen, og arve mange av mine klær