«Eigil, eg skal føda no! Ring ambulansen!»
Kristina kom som julekvelden på kjerringa.
- Kjersti Mjør
- Oddleiv Apneseth (foto)
Alt er etter skjema. Dei første smertene kjem natt til julaftan, og Kjersti Instebø Garfors har termin 24. desember 2015.
Ho og mannen Eigil Garfors Instebø har eitt barn frå før. Den gongen tok det 18 timar frå riene starta til jenta kom ut.
Ingenting tyder på at nummer to har meir hastverk, og dei avtalar med fødeavdelinga å koma inn neste dag. Paret i Naustdal har reisetid på under eitt kvarter til sjukehuset i Førde.
På morgonkvisten ligg Kjersti på soverommet i andre etasje med rier. Mor til Kjersti bur og i Naustdal. Ho har fått beskjed om at fødselen er i gang og hentar eldstejenta Sunniva.
Julekvelden skal feirast hos foreldra til Eigil i Angedalen i Førde. Han går ut for å pakka julegåvene i bilen før den planlagde turen til sjukehuset.
Plutseleg kjenner Kjersti at ho må på toalettet.
Det kjennest som at barnet er på veg ut.
«Oi, no skjer det», tenkjer ho, spring inn att i senga og ropar til mannen utanfor:
«Eigil, eg skal føda no! Ring ambulansen!»
Klokka er 09.23.
Les hele saken med abonnement
Mer fra BT magasinet
- BT MAGASINET
Amy Lynn (29) går på sexfester. – Det har gitt meg bedre selvtillit.
- BT MAGASINET
– Eg bad til Gud om at han måtte vise meg vegen
- BT MAGASINET
Anne-Pia gledet seg til å feire bursdagen. Så kollapset hun.
- BT MAGASINET
Slik kan du lage god middag
- BT MAGASINET
– Trond Giske er problemet. Han splitter partiet.
- BT MAGASINET
Therese trodde hun bare var sliten etter fødselen. Her tar hun farvel med datteren.