- I ein alder av 81 år går du i barndommen?

- Slike stereotypar likar eg ærleg talt ikkje. Forlaget ville ha «Gammal dame går i barndommen» som undertittel, men det ville ikkje eg. Mytane om alderdommen er så sterke. Når eg fortel at eg er 81 år, reagerer folk som om eg har gjort noko kriminelt. Folk er aldri så ulike som i 80-åra.