Fabrikken ved fjorden pustar damp og eld. Natt og dag, vinter som sommar, jul og påske, tjuefire-sju, 365 dagar om året, fem skift, utan pause, utan stans.

Inn fjorden, forbi fruktbløming, eplehaust og plommer i Hardanger, kjem skip med afrikansk sand frå ei gruve i Senegal. Skip med kol frå Europa og heile resten av verda klappar til kai. Vasskraft må også til, og der har tyssedølane rikeleg lokal forsyning.