London 2010. Idun Losnegård og hennar amerikanske ektemann Jeff sit i ei lita leilegheit med ei nyfødd dotter. Paret frå Sunnfjord og Nord-Carolina møttest på teater-skulen Guildford School of Acting. Etter at dei var ferdig på skulen i 2001, har dei jobba med teater, film og TV i den engelske hovudstaden. Finanskrisa har slått inn, private pengar er tørka bort, offentlege pengar går til OL. Det er tøffe tider i bransjen.

Som foreldre har livet henta dei inn. Dei bestemmer seg for å flytte. Men kvar? Valet står mellom New York, ein by Jeff har drøymt om å jobbe i sidan han var liten gut, eller til Idun sine heimtrakter i Vårdal i Askvoll kommune.